Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Novemberglede for eldre - 1

Novemberglede for eldre - 1

... livsglede for eldre = livsglede for yngre ...

At HO-elevane trivst godt i lag med dei eldre, er det ingen tvil om. Både den gode praten, felles aktivitet og hygge kring eit fat vaflar, set alle involverte i eit godt humør. - Dette er kjekt! smiler elevane. - Dette er kjekt, smiler dei eldre.

Dato: 07.11.2019

HO besøkjer 6. etasje - sjukeheimen i Brattvåg
Førebuingane gjorde vi unna i førre veke. I grupper prøvde vi å finne ut kva aktivitet vi skulle lage til for dei eldre, slik at både dei og vi kunne få ein kjekk og hyggeleg økt i lag.

Premier skulle dei også få, for bingo sto på programmet. 
   

Når vi kom ned til sjukeheimen,starta vi med å sette oss ned å snakke, bli litt kjente med brukarane.

Medan nokon av oss begynte å steike vaflar, sette andre av oss i gong med kjend og kjær aktivitet; -ballongleiken. Den er alltid populær, gjev fin aktivitet og kvar og ein får velje sitt eige deltakingsnivå. Mykje latter skaper det og, så dette er gøy!

LGEnov-2
LGEnov-1

Når dei fleste, inkludert oss, blei slitne, var vaflane ferdige. Ein blei ikkje i dårlegare humør av det, og strålande nøgde sette vi oss rundt bordet. Vi gjekk rundt og serverte, og den gode praten fortsatte.

 

Når alle var forsynt, var det klart for bingo.
Dei som hadde lyst kunne bli med. Oss elevane fordelte oss rundt bordet, blant brukarane, for å hjelpe. Spenningsnivået steig raskt - dei tre første som vant fekk blomster som premie.

LGE-premie

Vi kunne ikkje slutte av der, så nye runder vart gjennomført. Dei neste som vann, fekk ein pose med eit eple og noko twist-bitar.

Når vi var ferdige, var det faktisk så likeleg laga at alle hadde fått ein premie kvar, til og med dei som ikkje var med å spelte. Ja, det er mangt som plutseleg skjer i kjekt samvære!

 

"Kva gjer deg glad?"
Neste aktiviteten vi satt i gang med var at vi skulle teikne rundt hendene til brukarane og klippe dei ut i farga papir. Dei trengte så klart litt hjelp til både å klippe og skrive.

På hendene så skreiv vi ein ting som gjorde dei glad. Mange hadde mykje på hjartet og andre litt mindre, men alle hadde minst ein ting å skrive ned.

Vi hjelpte dei å henge dei opp på romma deira slik at når dei legg seg kan dei sjå på hendene og tenke tilbake på oss.

LGE-3
LGE-4

- Koseleg aktivitet -

LGE-6
LGE-7

 

Etterpå sat vi igjen og prata ei lita stund til, før vi måtte pakke saman og fare opp igjen til HVS.

Vi takka for oss og drog derifrå med kjensla av å ha gjort dagen deira betre - dei hadde i alle fall gjort vår dag betre. 

Sjå kva den andre gruppa i klassen gjorde i dag: Novemberglede 2 

Vi gleder oss til neste Livsglede-dag i desember.