Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Ny/utsett eksamen?

Ny/utsett eksamen?

Nokon kan ha behov for anten ein ny eksamen, ein utsett - eller ein særskild eksamen.

Kva er ny, utsett og særskild eksamen?
Og, kven har rett til det? Dette får du eige brev om frå skulen. Dette blir levert ut i lag med karakterutskrift/vitnemål etter avslutta skuleår. Viktig at du les denne informasjonen og eventuelt tar kontakt med avgjevarskulen dersom noko er uklart for deg.

Kanskje lurer du på kva må du gjere for å få gå opp til ein slik ny, utsett eller særskild eksamen? Her på nettsida får du litt informasjon, men sjekk helst ut fylket sine inforsider om ny, utsett og særskilde eksamenar. Ta og kontakt med din kontaktlærar eller rådgjevar ved skulen om du lurer på noko eller treng hjelp i den vidare prosessen.

 

Ny eksamen
Ein elev som får karakteren 1 ved ordinær eksamen, har rett til ny eksamen i faget ved første etterfølgjande eksamen. Eleven beheld då standpunktkarakteren i faget.

Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og standpunktvurderinga i faget fell bort. (Forskrift Oppl.lov. § 3-34)

Vi gjer merksam på at som privatist må du betale eksamensavgift og det heile blir ordna via Privatistweb.no.

 

Særskild eksamen
Ein elev som får karakteren 1 i standpunktkarakter i eit fag, har rett til særskild eksamen i faget dersom han eller ho ikkje er trekt ut til eksamen i faget. Det gjeld òg for fag der det ikkje blir halde eksamen ordinært.

Særskild eksamen blir normalt halden samtidig med utsett og ny eksamen. (Forskrift Oppl.lov. § 3-33)

 

Utsett eksamen
Ein elev eller privatist som har dokumentert fråvær ved ordinær eksamen og særskild eksamen, eller ein elev som har dokumentert fråvær ved ny eksamen, har rett til å framstille seg til første etterfølgjande eksamen. Eleven beheld standpunktkarakteren i faget.

Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og eventuell standpunktvurdering i faget fell bort.

Igjen gjer vi merksam på at som privatist må du betale eksamensavgift og det heile blir ordna via Privatistweb.no.