Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Open Skule 2018

Dokument

Open Skule 2018 - program 02.02.18
PDF-dokument - 708,33 kB

Open Skule 2018

HVS takkar alle som stakk innom oss for besøket!

Onsdag 2. februar var alle 10. klassingar, deira foreldre/føresette, foreldre/føresette til elevar ved vår eigen skule og publikum elles, inviterte til Open skule. Vi ønska besøk, og ville vise alle som hadde lyst til å sjå kva Haram vidaregåande skule har å by på av undervisningsaktivitetar. Og det "live".

Programmet for dagen var eit enkelt oppsett (sjå vedlegg i høgremargen), men aktivitetsnivået og programmet til de ulike klassane var på eit langt meir avansert nivå.

I bibliotekarealet vårt hadde fleire representantar for næringslivet i region Nordre, stilt seg opp med ulike stands, for å vise litt kva dei styrar med og informere alle som stakk innom dei om deira drift og daglege aktivitet.

 Kantina var og ope for kvelden, med tilbod om middag i forkant av Open skule og lett servering elles utover kvelden.

HVS sine trofaste kakebakarar diska opp med gulrotkake og sjokoladekake, litt sagt eller kaffe, til alle besøkande 10. klassingar, føresette og andre gjestar
Dette var eit godt høve til direkte møte med representantar frå næringsliv, kommune, skule og ikkje minst sjå elevane våre sin normale arbeidskvardag.

Skulen var godt besøkt denne kvelden.
Elevar og tilsette meldte smilande at dei hadde hatt ein flott kveld, og vi håper alle dei besøkande kan seie det same. Her er nokre stemningsbilete tatt rundt omkring på HVS i løpet av kvelden. (Bilettekst kjem).

 

OpenSkule_1EL

Glimt frå EL-laben, med Vg1 Elektrofag.

OpenSkule_1TP
OpenSkule_1TT_Ihor
OpenSkule_1TT_Magnus
OpenSkule_2EL
OpenSkule_2KVT
OpenSkule_2KVT_Paul
OpenSkule_2TT_Robotvideo
OpenSkule_2TT_Robotpresentasjon
OpenSkule_3ST_Norsk
OpenSkule_4TT_Fysikk2
OpenSkule_3TT_Fysikk1
OpenSkule_2BUA
OpenSkule_2HEA_Blodtrykkstest
OpenSkule_ST_Historie
OpenSkule_Auditoriet

Nokre var og i full gong med lab-øving og hudkremproduksjon på naturfagsrommet:

OpenSkule_1ST2_Hudkrem1
OpenSkule_1ST2_Hudkrem2
OpenSkule_1ST2_Hudkrem3
 

I bibliotekområdet var det jamt tilsig av blide folk. Her var det kjekt å slå av ein prat!

OpenSkule_OKHaram
OpenSkule_IPHuse

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Takk for besøket,
og velkomen tilbake
 til HVS ved anna høve!

OpenSkule_IPHuse_William