Dokument
Open Skule 2018
HVS takkar alle som stakk innom oss for besøket!
Onsdag 2. februar var alle 10. klassingar, deira foreldre/føresette, foreldre/føresette til elevar ved vår eigen skule og publikum elles, inviterte til Open skule. Vi ønska besøk, og ville vise alle som hadde lyst til å sjå kva Haram vidaregåande skule har å by på av undervisningsaktivitetar. Og det "live".
Programmet for dagen var eit enkelt oppsett (sjå vedlegg i høgremargen), men aktivitetsnivået og programmet til de ulike klassane var på eit langt meir avansert nivå.
I bibliotekarealet vårt hadde fleire representantar for næringslivet i region Nordre, stilt seg opp med ulike stands, for å vise litt kva dei styrar med og informere alle som stakk innom dei om deira drift og daglege aktivitet.
Kantina var og ope for kvelden, med tilbod om middag i forkant av Open skule og lett servering elles utover kvelden.
HVS sine trofaste kakebakarar diska opp med gulrotkake og sjokoladekake, litt sagt eller kaffe, til alle besøkande 10. klassingar, føresette og andre gjestar
Dette var eit godt høve til direkte møte med representantar frå næringsliv, kommune, skule og ikkje minst sjå elevane våre sin normale arbeidskvardag.
Skulen var godt besøkt denne kvelden.
Elevar og tilsette meldte smilande at dei hadde hatt ein flott kveld, og vi håper alle dei besøkande kan seie det same. Her er nokre stemningsbilete tatt rundt omkring på HVS i løpet av kvelden. (Bilettekst kjem).
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Nokre var og i full gong med lab-øving og hudkremproduksjon på naturfagsrommet:
|
|
|
I bibliotekområdet var det jamt tilsig av blide folk. Her var det kjekt å slå av ein prat!
|
|
Takk for besøket, |
|
Oppdatert: 05.02.18