Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > PC-ordning for vgs-elevar

PC-ordning for vgs-elevar

Alle elevar i vidaregåande skole må ha sin eigen PC. I Møre og Romsdal fylkeskommune er det difor laga til ei eiga ordning for PC-bestilling/PC-stipend.

Når du har fått tilbod om skoleplass vil du få eigen sms frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Denne vert sendt på det nummeret du har registrert i Vigo, med lenke til nettsida skolestart.mrfylke.no. Her skal du bestille pc eller krysse av for pc-stipend. På denne nettsida skal du og gjere andre nødvendige val i forbindelse med skolestart.

 

Avvent med å gå inn på skolestart.mrfylke.no til du har mottatt sms. Sms-en vart sendt ut i slutten av juli, så den skal du ha mottatt no.

Har du fått beskjed om at du har fått plass, men ikkje mottatt nokon sms, må du først kontrollere at telefonnummeret registrert på deg i Vigo er korrekt.

Uansett, gå inn på fylket si informasjonsside om PC-ordninga, og les deg opp. Her finn du svar på det meste du måtte lure på om dette med PC i vidaregåande skule i Møre og Romsdal fylkeskommune.

 

Den digitale skulen er og ei informasjonsside det kan vere nyttig å kike innom. Her finn du litt om nettvett i skulekvardagen, info om ulike nettressursar, pålogging- og lagringsprosedyrer osb. Litt av kvart det er viktig å ha god kontroll på, med andre ord. 

 

Lukke til i din digitale skulekvardag - utnytt alle moglegheiter for god læring!