Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Prøveplan er klar!

Dokument

Prøveplan er klar!

På HVS blir det sett opp ein prøveplan for alle klassar, ein ny for kvar termin. No ligg 1.termin sin prøveplan ute under fanen Nyttig informasjon, sjå øvst på sida. 

Så da er det berre for deg å halde deg orientert om når dei ulike prøvene kjem - for dei kjem!
Prøveplanane er lagt til høgre her og. Dei fleste prøvene for kvar klasse er sett inn på rett dato slik at du har høve til å langtidsplanlegge litt. Det kan vere lurt å gjere for å unngå stress. Det vil gje deg ei betre kjensle av å ha kontroll i kvardagen din.

Heildagsprøvene til dei ulike klassane er ikkje lagt inn i denne planen, men kjem som eigne oppslag, både på skulen og her på heimesida, i god tid før heildagsprøve-periodene set inn. Den første perioden ligg tradisjonelt i dei tre vekene før jul og den neste perioden er oftast lagt til vekene i slutten av april.

Stå på - det er no du legg grunnlaget for eit godt sluttresultat.