Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Rebusløpet 2019

Rebusløpet 2019

Skuleåret er i gong! 

Skulestart er full av informasjon og praktiske opplysningar, men og kjekkare ting, ikkje minst sosialt: Treffe igjen venar, møte nye. Få utfordringar, bryne seg. Le litt i lag med andre.

Rebusløpet gjev alle eit høve til å bli betre kjende med klassevenar, og seg sjølv.

Introduksjonsdagane, fulle av informasjon, lærebokutlevering og andre førebuande aktivitetar og samtalar, er no unnagjort.

Frå no av går skuledagane etter timeplanane og dagane vert fulle av fagleg påfyll. Lærarane er klare, og det verkar som om at også elevane våre er klare til å starte med friskt mot på eit nytt og spennande skuleår. 

Rebusløpet 2019 var siste sosiale aktivitet før timeplanane for alvor skulle få ta over. Lokaliteten var runden rundt Synnalandsvatnet, rett sør for skulen og dagen var onsdag 21.august.

Ein kjekk aktivitet, der alle sansar vart skjerpa på runden, og faktisk, nokre muskelgrupper vart og litt ekstra stimulerte ('',)

Flott innsats av alle basisgrupper. og heldigvis - sol over Brattvågen i dag!

 

Her kjem nokre biletglimt fra aktiviteten som pågjekk langs vegen rundt vatnet på onsdag:

- Dette er ikkje første post på runda - den var matematisk og "servert" på fysikkrommet.

Her, ja, her har elevane begynt på gåturen, med alle sine utfordringar.

Rebus2019_1

- Hm?!? Kva kan dette vere for noko ....
- Eeeeh, må jeg ta handa inn der!!!! Eeeeh .... hm ...

Rebus2019_2

Dette var posten for de mer skeptiske uttrykk, i mimikk og verbalt ('',) 

 

Ny post. No har vi ikkje bilete av alt som ble gjort (ikkje enno i alle fall), men på den posten fotografen sto på her, visast det at ball kan brukast til så mangt ...

Rebus2019_4

... og lett var det ikkje !!!

Rebus2019_5

   

Rebus2019_6

... og godt påpassa vart prosessen - fusk ikkje mogleg her ...

Og slik hald dei på, gruppe etter gruppe, inst inne ved vassenden. 

Rebus2019_7

 

Rebus2019_8

 

Rebus2019_9

 

Rebus2019_10

 

Rebus2019_11

 

Rebus2019_12

 

Rebus2019_13

 

Ny aktivitet.
- Er vi klare til å rusle vidare, folkens, smiler kontaktlærar Hanne Ski til 1ST2-gruppa.

Rebus2019_14

 

Woow, fotosession!
Elevane i 2ST1 byr gjerne på eg sjølve - det liker vi.

Rebus2019_15

 

Men så kom det ein post som krevde sitt!
- Kom igjen da, kva trur de!? Dette må vi da klare, eller ...

Men kva skulle dei eigentleg kunne her?

Rebus2019_16
Rebus2019_16

Ah, sjå der, ja ...

Rebus2019_17

Det var naturfagkunnskapene som vart utfordra. dei frå i fjor ... Vel da håper i alle fall naturfaglæraren deira frå i fjor at 2EL-gjengen knekte nøtta ;)

 

Ny post: - Kasteferdigheiter ...

Tja, veit ikkje om akkurat dette kastet gav full pott ... Kanskje?

Rebus2019_19

  

Siste post (eller først, for dei som gjekk motsett veg) - ein muskelpirrar ...

Rebus2019_21

... og for dei som trur det er flatt foran sveisehallen ...

Rebus2019_21

... nei, DET er det faktisk ikkje.

Det veit no alle elevane som gjennomførte denne aktivitetsdagen ('',)

OK, det var siste post - Ferdig!

Hamburger og noko å drikke neste - Heldigvis!

 

Flott innsats, folkens, og lukke til med det nye skuleåret!

(Foto: Arild Haddal)