Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Robotiseringsprosjekt HVS

Robotiseringsprosjekt HVS

Eit nyoppstarta samarbeidsprosjektet tok til skuleåret 2016/17. 

Tema var robotisering
og samarbeidspartnarane var Haram vgs, IP Huse og Robotek.

Fra HVS si side var det elevane i 1TAF-TIP og kontaktlærar Arild Haddal som fekk vere med i arbeide med dette prosjektet. Den spede starten var i desember 2016, men så begynte det heile å utvikle seg. Mykje har skjedd i løpet av eit drøyt år.

Sjekk ut video frå robotiseringsprosjektet vi har vore med på!
Bratt læringskurve for både lærarargruppe og elevar, det har det vore. Til tider frustrerande, men aller mest spennande!

Etterkvart begynte ein vel også å bli litt god på det ein dreiv med?!

Undervegs i prosjektet vart ting filma og dokumentert.
Resultatet ser du i You Tube-versjonen, som er lagt ved her:
Robotiseringsprosjekt HVS - Robotisering av inn- og utmating CNC-maskin

 

Produsenten sender ein stor takk til elevane frå VG2 Tekniske- og Allmenne Fag (TAF) som har vore pilotar i dette prosjektet!! Og også til alle andre involverte, som har bidrege til at målretta kreativitet og læring har gått så godt hand i hand.

Open skule 2018 var ein plass der prosjektet vart profilert.

Robotiseringspresentasjon

Her viste 2TAF-TP -elevane fram prosjektet sitt under Open skule tidlegare i år.

 

Oppstarten var i 2016/17
Ja, det var same gjengen som gjorde sine første erfaringar i fjor, då som Vg1-elevar. Her er første artikkelen vi hadde om prosjektet, da alle var spente på kva dette kunne vere, og føre til ...
Robotisering introduserast for elevar på HVS

Og vi fortset, vi!