Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > SKULESTART

SKULESTART

Vi ønskjer alle nye og gamle elevar velkomen til skulestart på Haram vidaregåande skule måndag 20. august.

Velkomen til nytt skuleår!

Oppmøteplan til skulestart
Elevar møter opp gjennom veka etter denne planen:

Måndag 20.august
Kl.09:00, Vg1-elevar, oppmøte i Auditoriet
Kl.10:30, Vg2/Vg3-elevar, oppmøte i Auditoriet

(Gjeld ikkje 3TT og 4TT. Desse elevane kjem på HVS seinare i veka)

 

Onsdag 22.august
Kl.08:05, 3TT møter opp i bibliotekarealet.
Avdelingsleiar Håkon Sæterøy og kontaktlærar/faglærar i 1.time ønskjer velkomen.

Torsdag 23.august
Kl.08:05, 4TT møter opp i bibliotekarealet.
Avdelingsleiar Håkon Sæterøy og kontaktlærar/faglærar i 1.time ønskjer velkomen.

 

Kantina vår
er ope som normalt frå første skuledag. Stikk nedom, anten du har medbrakt niste eller ønskjer å kjøpe deg noko. Det er alltid hyggeleg å slå av ein prat i kantina!

  

PROGRAM FOR 1.SKULEVEKA

Måndag 20.08.
Oppmøte- og velkomstdag, med eige program, kl.09:00 - 14:30

   Kl.09:00 Vg1-elevar, oppmøte i Auditoriet
   Kl.10:30 Vg2/Vg3-elevar, oppmøte i Auditoriet

Kontaktlærar vil gje ut timeplan når dykk vert samla klassevis. Da får du og program for veka for akkurat din klasse. Du vil og få all informasjon du treng for å få ein god start på skuleåret.

Heile dagen i dag vert i lag med din kontaktlærar og dine nye medelevar, kanskje også med besøk av/opplegg ved nokre av faglærarane dine.

 

Tysdag 21.08.
"Bli-kjend"-dagen, der alle er samla klassevis med kontaktlærar og nokre av faglærarane. Timeplan går frå kl.08:05 til kl.14:30 for alle klassar i dag.

NB!
Vg1-elevane gjennomfører HVS-labyrinten 2018 i 5.- 6.time.
Kontaktlærarane deler inn i grupper, sender gruppene ut i korridorane og eventuelt hjelper elevane rundt i "labyrinten", men dei får ikkje bidra med svar, nei! ('',)

 

Onsdag 22.08.
Aktivitetsdag 
   Kl.08:05-09:30 Basis-time, klassevis med kontaktlærar
   Kl.09:30-13:00 Rebus-konkurranse kring Synnalandsvatnet
   Kl.13:00-14:30 Klassevise opplegg med kontaktlærar

 

Torsdag 24.08 og fredag 25.08
Desse to dagane følgjer vi ordinær timeplan, med undervisning for alle klassar.

 

Lærebøker - utlån
Utlevering av lærebøker skjer etter eigen plan, som kontaktlærar vil informere nærare om. Denne er styrt av biblioteket.

Pass på å møte til riktig tid, og hjelp til når du ser det trengs, anten du nå er elev eller lærar.

Følg opp!

 

Karakter-terminar for skuleåret 2018/2019:
1. termin: Måndag 20.august - fredag 18.januar (96 undervisningsdagar)
2. termin: Måndag 21.januar - fredag 21.juni (94 undervisningsdagar)

 

Vi ønskjer dykk alle eit godt og lærerikt skuleår!