Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > SKYSS - ENDRINGAR!

SKYSS - ENDRINGAR!

Pga utfordringar på kapasitet og elevar med rett på skyss, vert det gjort endringar i skyss-tilbodet.

 

Desse endringane er gjeldande frå måndag 28 september.

Vi håper dette løyser dei innmeldte utfordringane på bussane våre, til nytte for både elevar og sjåførar.

Vi ber om at elevar og heimar vert gjort kjent med dette, og følgjer med inntil nye rutiner er innarbeidd.

 

  

Endringane er ...

Rute 236 Brattvåg v/skulane kl 1435 – Hellandshamn

  • Denne vert utsett til kl 1445 mandag-torsdag pga elev frå Hildre (avreise Hildre kl 1435).
    Dette gjeld elevar frå Haram vgs, Brattvåg usk og Brattvåg bsk

Rute 230 Brattvåg – ferjekaia – Ålesund 

  • Det vert sett opp egen buss for dei til Brattvåg ferjekai, ingen andre kan ta denne pga likebehandling, kapasitet og unngå ståplassar. Denne går frå busstoppet kl 1435
  • Avgangstid for elevar frå Haram vgs til strekninga Remme-Moa/Ålesund vert ca kl 1445 frå haldeplassen ved skulane, elevane møter opp kl 1445
  • Det vert sett opp dublering til Vatneeidet måndag, sjå rute 231
  • Korresponderande buss på Vadset vert korrigert i samsvar med dette

Rute 231 Brattvåg v/ skulane – Grytastranda – Hamnsund – Terøya 

  • Mandagar skal denne bussen køyre via Vatneeidet pga kapsitetssprekk på bussen til Moa. Avgangstid på denne er framleis kl 1435
  • Elevar ved Haram vgs til Vatneeidet og delar av Tennfjord nærast Vatneeidet skal ta denne på måndag
  • Dersom det vert for mange passasjerar på ruta til Moa andre dagar enn måndag, må vi via Vatneeidet andre dagar enn måndag, det vil vi kome attende til dersom så skulle verte påkrevd

 

Med venleg helsing

Fagansvarleg
Samferdselsavdelinga
Møre og Romsdal Fylkeskommune

   

   

Kan du gå, sykle eller sitte på med nokon til skolen? 

Utlagt 28.08.20

Tenk etter og vurder det - det vil vere så bra om du vil vere med å avhjelpe i situasjonen!

Det vil gjere det betre for dei som faktisk ikkje har noko val.

Mange føler seg utrygge når bussane blir veldig fulle. Viss alle som kan, går, syklar eller køyrer privatbil, blir det betre på bussen for dei som ta buss.

Vi har heldigvis veldig lave smittetal for COVID-19 i Møre og Romsdal. Dette gjer at det på FRAM sine bussar er tillaten å bruke alle setene unntatt første rad og at ein kan stå i bussen.

Nyleg blei det og opna for påstiging via framdør. Men rundt skolestart og skoleslutt har FRAM ei utfordring med at bussane blir altfor fulle, og har ikkje fleire bussar å sette inn.

Bor du så nært skolen at du kan gå eller sykle, ber vi om at du ikkje tar buss til og frå skolen men tar sykkelen eller beina fatt. Bor du lenger unna, kan du kanskje sitte på med nokon som køyrer?

Hugs at myndigheitene ber deg om ikkje å reise kollektiv viss du ikkje må.

Hjelp oss å holde bussen trygg!

 

Møre og Romsdal fylkeskommune