Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Same oppmøteplan, nye smittevernsføringar

Kontaktpersonar

Jan Magne Helland
Rektor
71 28 17 01 / Mob. 902 66 521
Send e-post
Håkon Sæterøy
Ass rektor
71 28 17 05 / Mob. 950 67 318
Send e-post

Dokument

Smittevern - HVS
DOCX-dokument - 24,95 kB
Veke 20 - gradvis opning av HVS
PDF-dokument - 10,27 kB
Dags- og romplan for 11.mai
PDF-dokument - 122,76 kB
Dags- og romplan for tysdag 12.05.
PDF-dokument - 104,22 kB
Dags- og romplan for onsdag 13.05.
PDF-dokument - 69,06 kB
Dags- og romplan for torsdag 14.05.
PDF-dokument - 216,66 kB
Dags- og romplan for fredag 15.05.
PDF-dokument - 69,14 kB
Plan for YF siste skulevekene, v.22-25
PDF-dokument - 408,80 kB

Same oppmøteplan, nye smittevernsføringar

Undervisningsplanene som er lagt ut, vil gjelde også etter at justerte smittevernsreglar er blitt innførte f.o.m. 01.06.20. HVS held fram med kombinasjonen heime- og skuleundervisning også dei komande vekene.

Oppmøteplanar for resten av skuleåret ligg ute på heimesida - sjekk høgremargen, dei ligg nedst i lista.

Sist revidert 29.mai.

Gradvis normalisering!
Frå 11. mai fekk alle elevar gradvis kome tilbake til skulen. Vi var glade for å få elevar og tilsette hit til Haram vgs, men som de veit, var det framleis nokre føringar i høve smittevernstiltak som vi var pålagde å følgje. Det er det enno, men per 02.06. vil det bli enklare for oss å ha undervisning i samla klasse da vi kan tillate høgare elevtal inne i klasserom.

I fellesareal og ute gjeld framleis 1-meters-regelen. 

F.o.m. 08.06 vil også transportforholda betre seg. Samferdselsavdelinga melder at dei vil sleppe opp på restriksjonane i høve offentleg transport. (Sjå pressemelding til høgre, heilt nederst)

I overgongsfasen var det lagt opp til ein kombinasjon av skule og heimeundervisning, som vi trappa opp skuledelen på f.o.m. 11.mai. Desse planane fungerer no så bra, og faglærarane har lagt planar i sine fag for heile skuleåret basert på desse, så vi vel å halde på dette systemet ut skuleåret. Følg med på planene for når du sjølv skal vere tilstades , kor og om det er prøver/heildagsprøver inne, så går dette bra.

Adm.

.................................................

     

Velkomen tilbake!

Oppstartsplan for veke 20, 2020.

- Gruppene følgjer timeplan der anna ikkje er nemnd
- Dags- og romplanar vil bli lagt ut ca. kl 14:30 dagen før. Følg med i høgre margen.

Måndag 11.05:
2EL (yrkesfag), 2TP (timeplan) og 3ST (timeplan)

Tysdag 12.05:
 1HO, 1ST, 1TP, 1TT, 2EL (yrkesfag), 2HO, 2TT, 3PB

Onsdag 13.05:
1HO, 1ST, 1TP, 1TT, 2EL, 2HO (yrkesfag), 2TT

NB! Studietid vert i regi av kontaktlærar på tildelt klasserom (unnatak 2HO).

Torsdag 14.05:
Heildagsprøve: 3PB, 3ST, 4TT, 3TT
Undervisning: 1EL, 2HO (yrkesfag), 2TP, 2ST

Fredag 15.05:
Heildagsprøve: 3PB, 3ST, 4TT
Undervisning: 1EL, 2TP, 2ST, 3TT

Nytt smitteverns-skriv (versjon 3) er utarbeidd, gjeldande frå fredag 15.mai.
Dette ligg og ute i høgremargen, heilt nederst.
ALLE skal lese dette grundig før dei kjem til skulen. 

  

Veke 21
I veke 21 er det berre 3 skuledagar, pga Krisiti himmelfartsdag tors.21.05 og fridag fre.22.05 (jf. skuleruta).

Det er difor laga til ein spesifikk oppmøteplan per klasse.
Denne vil finn du ute i høgremargen. I tillegg vil kontaktlærar sende den ut til elevar (og føresette for elevar under 18 år) i god tid før helga.

NB! Oppdatert plan vart lagt ut fredagettermiddag, då det vart oppdaga nokre kollisjonar. Sjekk på ny om du er usikker på om du har lese den siste versjonen.

Møt opp etter denne planen, følg smittevernsreglementet og prøv å opphalde deg mest mogleg i ro på tilvist plass/område, jf. dei føringane som no er lagt.

  

Veke 22 - 25 (Utlagt 20.05.20)
Oppmøteplanar for resten av skuleåret ligg no ute Sjekk høgremargen, nedst i lista, og pass på å vere på skulen når du skal. Planene viser og når det vert gjennomført vurderingsøkter per fag/fagbolk.

Kantina vi opne opp, i redusert utgåve av seg sjølv, i veke 22. Dette vert ei prøveordning, så ser dei om tilbodet kan fortsetje i fleire veker.

Retningslinjer for smittevernsrutiner i kantineområdet kjem på oppslag ved døra. Ver vennleg å følgje rutinene våre like godt i dei neste vekene, som de har prøvd å gjere no i vekene som har gått.

Takk!

   

   

Anna informasjon

Spesifikke tilretteleggingar:
Elevar med alternativ plan og som allereie har starta opp igjen med undervisning på skulen, følgjer same plan som dei starta opp med. Det er ikkje gjort nokon endringar i desse opplegga.

  

Viktig å merke seg:
No som skulen sakte, men sikkert, skal fyllast opp med folk igjen, er det visse retningslinjer vi alle må følgje for å halde smittefaren nede på lågast mogleg nivå - sjølv om vi kanskje ikkje ber på nokon smitte. Dei ulike rettleiarane vil vi laste opp til dykk her i denne artikkelen.

- Klasseromma vert tildelt spesifikke klasser og pultane merka. Vi ver alle om å følgje smittevern-rettleiaren og internrutinene våre, slik at alle kan føle seg trygge og komfortable i denne oppstartsfasen.

- Ved alle inngangane står det rensemiddel til dykk.
  Bruk dette på veg inn, og på veg ut.

- Vask hender med såpe og vatn når du går frå eit rom (eller sone) til eit anna.

- Hald eigen arbeidsplass ,og skulen i sin heilskap, så rein og ryddig som mogleg.

  

Les smittevernskriv, både versjon 1 (øvst t.v.) og versjon 3 - gjeldande frå 18.mai (nedst t.v.), og følg desse etter beste evne. 

(Versjon 3 er ein justert utgåve av versjon 2, og blir den vi følgjer inntil ny beskjed blir gitt).

  

Takk!

  

  

Tidlegare utgitt informasjon:

Måndag 27.04 var det oppstart for klassane 2BUA, 2EL, 2TP og 2TT
Ingen av klassane er på skulen meir enn to dagar no i oppstartsfasen, og inntil nye beskjedar vert gitt. (Dette vart endra, med verkand frå 11.05, med utvida tid for fleire av klassene. Red.anm.)

2EL    - måndag – tysdag
2TT    - berre onsdag 
2TP    - torsdag og fredag 
2BUA  - onsdag og torsdag  

Skulen vil at kvar av dykk berre nyttar tilvist inngangsområde for utdannings-programmet, og held dykk til dei klasseromma og verkstadane som høyrer til din timeplan.

  

Smittevern og retningslinjer
Det er laga eit smittevernskriv for skulen, som alle som skal inn på skulen dei to neste vekene må lese før dei går inn på bygget. (Vedlegg Smittevern)- HVS, sjå til høgre her).

 

Rettleiar for transport av passasjerar på buss, båt, ferge, (...) under Covid 19 utbruddet 2020
Denne rettleiaren skal gi råd og føringar til alle som jobbar med kollektivtrafikk i offentlie regi i Noreg under Covid 19 utbruddet våren 2020. Denne var ferdigstilt til 24. april 2020 i samband med sakte i gangsetting av samfunnet.

Føremålet med rettleiaren er å hindre/avgrense smitte av Covid 19 viruset blant passasjerea og sjåførar i kollektivtrafikken i Noreg.

Utdrag:
- Ved bruk av skuleskyss bør elevar sitte med minst eit sete mellom seg.
Til dømes kan det på ein buss med 4 sitteplassar per rad, sitte to barn per rad med alternerande vindu/midtgang.

- Hald 1 meters avstand.
Dette inneber at ein i praksis legg opp til at det skal vere ca. 1 meters avstand mellom skuleelevane. I dei fleste område brukast dei same transportmidla både til skuleskyss og ordinær kollektivtransport. For å ivareta kollektivtrafikkens samfunnsrolle vert det lagt dvekt på at passasjerar skal ha ein avstand på ca. 1 meter i alle offentlege transportmiddel.

- Respekter avstengtd område og sitteplassar
- Sit stille i bussen og bruk setebelte

Vi oppmodar ALLE til venleg å passe på dette.
(Du finn rettleiaren for transport i fullversjon i høgre-menyen).

 

Leiinga ved HVS ser fram til å møte dykk alle igjen.
Vi håper og trur på ein god start på tilbakekomst til ein meir normal skulekvardag, sjølv om det vil ta litt tid enno.

Velkomen tilbake til skulen!