Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Samferdsel melder

Samferdsel melder

Skoleskysskort for skoleåret 2020/2021 er nå aktivert.

  

MERK!
For elevar som har fått nytt kort i løpet av hausten, vil gamle kort no vere deaktivert i billettsystemet (dvs. lyser svart).

Elevar som har deaktiverte kort må ta i bruk det nye kortet eller kontakte skolen om dei treng nytt skysskort.

Sjåførane har fått instruks om å ta inn kort som lyser svart og gi beskjed til elevane at dei må ta i bruk det det nyaste kortet dei har fått, eller kontakte skolen så snart som mulig for å få nytt kort.

  

Sjåførar vil vere fleksibilitet overfor elevar som har feil på korta / manglar skysskort ut inneverande veke.
  

Frå og med måndag 23. november må alle elevar ha gyldige, permanente eller midlertidige, skoleskysskort.

Fargekoder kort:
Grønt = Alt OK
Gult = Registrert to gonger på same tur
Rødt = Ikkje gyldig produkt i kortet på aktuell tur
Svart = Kort sperra (sjåfør inndreg kortet)

 
Ved behov for avklaring rundt status på skysskort, ta kontakt på e-post med emne «Aktivering skoleskysskort». 

Sjekk alltid først om eleven faktisk har ein godkjent søknad i skoleskyssportalen, før de skriv e-posten. 

E-post-adressa er skoleskyss@mrfylke.no

E-posten bør innehalde følgjande informasjon:
- namn på eleven
- kortnummer
- kva farge lyste ved billettering
- kva feilmelding vart i tilfelle vist

 

Vi håper det skal gå greit med den oppgraderte kort-ordninga.

  

Med helsing

Samferdselsavdelinga