Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Skole-NM 2018

Skole-NM 2018

Skole-NM 2018 vart gjennomført på våren i 2018.
WorldSkills Norway inviterte til deltaking i april og arrangerte Skole-NM i heile 27 yrkesfag. Elevar frå Haram vgs deltok.

I Skole-NM er det yrkesfagelevar i ordinært løp som kan delta. Det er ingen aldersgrense. (Skole-NM må likevel ikkje forvekslast med Yrkes-NM, som er for lærlinger og unge fagarbeidere. Dei har sin eigen, bransjestyrte konkurranse).

Haram vgs sendte i år elevar til konkurransen innan Kulde- og varmepumpefaget og det vart svært godt resultat. Noko vi ikkje har fått markert skikkeleg her på heimesida vår. Difor set vi fokus på det no, slik at dykk andre skal få sjå kva for moglegheitar som finst, kva ein kan vere med på, og oppnå, om ein vel eit yrkesfagleg utdanningsløp.

(Foto: Paul Spee, faglærar)

Resultatet fra intern konkurranse
Først vart det konkurrert her på eigen skule om hvem som skulle få delta på Skole-NM, vere skulen sin representant. Bileta under er tatt under denne internkonkurransen.

Første plass: Ole Martin Glåmen   136 poeng
Andre plass: Martin Dragnes Eik   120 poeng
Tredje plass: Kenan Selak            116 poeng

Dei to som gjekk sigrande ut med første og andre plass, fekk vere med til Skole-NM som var arrangert i Ringsaker, Hedmark fylkeskommune, i april.

  

Resultat i Skole-NM 2018
Her imponerte Ole Martin Glåmen igjen, og kapra 3. plassen. Verkeleg ein flott prestasjon! Vi gratulerte då, og gratulerer igjen!!

Han har no fullført Vg2, og vi ønskjer han lukke til som lærling på vegen fram mot utlært fagarbeidar!

 

Under ser du bilete frå gjennomføringa av den lokale uttakskonkurransen her på HVS:

KVT_H18_1
KVT_H18_2
KVT_H18_3
KVT_H18_4
KVT_H18_5
KVT_H18_6
KVT_H18_7
KVT_H18_8
KVT_H18_9
KVT_H18_10
KVT_H18_11
KVT_H18_12
KVT_H18_13
 
KVT_H18_15
KVT_H18_16
KVT_H18_20
KVT_H18_21
Og til slutt her, gratulerast vinnaren, Ole Martin Glåmen,
som og gjorde det godt i NM. Flott innsats!
 

 

No har desse elevane tatt eit steg vidare, og vi ønskjer dei lukke til på vegen.