Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Skoleskyss i vgs

Skoleskyss i vgs

Søke skuleskyss for neste skuleår?

Som elev i vgs kan du ha rett til gratis transport til og frå skolen, men du må altså søke sjølv, kvart år.

Søk om skoleskyss

Som elev i vgs kan du ha rett til fri skoleskyss til og frå skolen. 

For å ha skyssrett må avstanden vere 6 km mellom skolen og der du bur (bustad eller hybel).

Du skal søke sjølv om skyss gjennom Skoleskyssportalen når du takkar ja til skoleplass.

Og hugs, du må søkje årleg om skoleskyss.

 

Skoleskysskortet

Elever som er innvilga skoleskyss for første gang, vil få utlevert skoleskysskortet på skolen. Du må ta godt vare på skoleskysskortet, dette skal brukast alle åra du har rett til fri skoleskyss, både i grunnskole og i vidaregåande skole. Kontakt skolen om du mister kortet.

Fylkeskommunen sin nettside har meir informasjon om skoleskyss. Gå inn via linken;

https://mrfylke.no/for-deg-som-er-elev-laerling-eller-privatist/elev-i-vidaregaaande-opplaering/skoleskyss-i-vgs)

 

Anna informasjon 

Du har rett på fri skoleskyss dersom:

  • du har meir enn 6 kilometer avstand mellom heim og skole*.
  • du har behov for skyss, på grunn av funksjonshemming, skade eller sjukdom, uavhengig av avstanden mellom bustad og opplæringsstaden. 
  • det er nødvendig med båt- eller ferjetransport, utan omsyn til reiselengde mellom bustad og opplæringsstaden.

(*Avstanden er rekna ut frå Møre og Romsdal fylkeskommune sine kartdata, og kortaste farande veg frå eleven si heimeadresse til eleven sin skole).

Tilrettelagt skyss
Elevar med varig eller kortvarig funksjonshemming, skade eller sjukdom som gir behov for skoleskyss, har rett til skyss uavhengig av avstand.

Fylkeskommunen gjer vedtak i slike saker etter at dei har motteke tilråding frå sakkunnig og informasjon frå skolen. I desse sakane er det viktig at sakkunnig brukar skjema utarbeidd av fylkeskommunen. (Sjå etter rett dokument å bruke i databasen her.)

 

Har du spørsmål?
Ta kontakt med skulen eller send e-post til skoleskyss@mrfylke.no

(Vi gjer merksam på at sensitive personopplysningar bør ikkje sendast i e-post).

  

Utdrag frå informasjon gitt av:
Samferdselsavdelinga
Møre og Romsdal fylkeskommune