Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Skoleskyss i vgs

Skoleskyss i vgs

Søke skuleskyss for neste skuleår?

Som elev i vgs kan du ha rett til gratis transport til og frå skolen, men du må altså søke sjølv.

Du skal søke sjølv om skyss gjennom Skoleskyssportalen etter at du har takka ja til skoleplass.

Skoleskyssportalen blir brukt av:

  • Skole/kommune på vegner av eleven (grunnskole)
  • Eleven sjølv (vidaregående skole).
  • Tilsette på vgs (tilrettelagt skyss)

Skoleskyssportalen er integrert med folkeregisteret og vil hente riktig adresse ut i frå eleven sitt personnr./etternamn.

  

Du har rett på fri skoleskyss dersom:

  • du har meir enn 6 kilometer avstand mellom heim og skole*.
  • du har behov for skyss, på grunn av funksjonshemming, skade eller sjukdom, uavhengig av avstanden mellom bustad og opplæringsstaden. 
  • det er nødvendig med båt- eller ferjetransport, utan omsyn til reiselengde mellom bustad og opplæringsstaden.

(*Avstanden er rekna ut frå Møre og Romsdal fylkeskommune sine kartdata, og kortaste farande veg frå eleven si heimeadresse til eleven sin skole).

  

Tilrettelagt skyss
Elevar med varig eller kortvarig funksjonshemming, skade eller sjukdom som gir behov for skoleskyss, har rett til skyss uavhengig av avstand.

Fylkeskommunen gjer vedtak i slike saker etter at dei har motteke tilråding frå sakkunnig og informasjon frå skolen. I desse sakane er det viktig at sakkunnig brukar skjema utarbeidd av fylkeskommunen. (Sjå etter rett dokument å bruke i databasen her.)

 

Har du spørsmål?
Ta kontakt med skulen eller send e-post til skoleskyss@mrfylke.no

(Vi gjer merksam på at sensitive personopplysningar bør ikkje sendast i e-post).

  

Utdrag frå informasjon gitt av:
Samferdselsavdelinga
Møre og Romsdal fylkeskommune