Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Skottland 2014/2015

Skottland 2014/2015

Eit fantastisk skuleår i Skottland er over.

Skulepret 2014/15 har 26 elevar frå Møre og Romsdal vore på utveksling i Skottland, dette som ein del av det studiespesialiserande utdanningsprogrammet "Vg2 i Skottland" som Haram vidaregåande skule tilbyr.

Skottland1415-1

Elevane er nøgde!

I løpet av dette året har vi opplevd mykje nytt og spennande, vorte kjent med mange nye menneske, reist til fleire interessante stadar og fått utfordra oss sjølve både fagleg, språkleg og sosialt. Mellom anna har vi vore på skuleturar til York, Inverness og Arran, som både har vore sosiale og kjekke, men også kulturelle og lærerike.

Vi har budd hos vertsfamiliar, og på den måten kome tett innpå den skotske kulturen, og fått venar for livet og fått oss eit internasjonalt nettverk.

Vi har delteke på mange kjekke aktivitetar i regi av skulen vår, som skuleball, ”graduation” og ”Prom Fashion Show”. Vi hadde og ei introduksjonsveke der vi fekk skyte med pil og boge, segle og sjå ”The Edinburgh Military Tattoo”.

Og så har vi vore i eit litt anna utdanningssystem, som i seg sjølv var spennande nok, og vi er vel alle samde i at vi har jobba hardt med skulearbeid heile året i gjennom. Ei fin erfaring for framtidige studie!

Vi har og blitt kjente med mange kjekke folk, både frå Noreg og Skottland, og har hatt eit fantastisk skuleår!

Ingri Warnes Seth

Bilete frå nokon av opplevingane våre dette skuleåret:

Skottland1415-2

Sosiale, artige aktivitetar ute i det fri! (over/under)

Skottland1415-4

Vi var på fleire tilstelningar som krevde sin stil - veldig kjekt!

Skottland1415-3

I andre samanhengar var vi ikkje fullt så formelle ...

Skottland1415-5

Nokon gongar var vi berre tilskodarar,

Skottland1415-6
Skottland1415-7

... andre gongar var vi i fokus.

Skottland1415-8

Som de forstår, eit fantastisk, triveleg og lærerikt år.

Comments