Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Skuleåret er i gong - Rebusløp 2018

Skuleåret er i gong - Rebusløp 2018

Ved oppstart er det mykje nytt; - informasjon og timeplanar skal ut, lærebøkar skal fordelast, nye elevar og gamle elevar skal slusast inn i dette skuleåret sin kommande kvardag ... Då er det godt å få kome seg ut - saman!

Oppkvikkande skuledag
Etter eit par dagar, og nokså mange timar, med "bli-kjend"-prat, regelverk, nye fag og lange læreplanar, var det på tide med frisk luft, energiutfalding, kreativitet og masse humor.

Rebusløpet kring Synnalandsvatnet er no blitt ein årleg hending, der alle elevar deltek Dei slusast ut i ivrige basisgrupper, klare for kva det no skal vere lærargruppa har planlagt for dei av utfordringar. Her er det berre å hive seg ut i det - det er om å gjere å vinne Rebuskaka 2018!

Mykje gøy kring vatnet denne dagen - berre sjå sjølv!

 

REBUSLØP 2018

(Foto frå dagen ved Arild Haddal, lærar)

Nei da, ingen eigentleg fotballkamp, men kanskje fotballferdigheiter også var nyttig på rundturen ...

Rebus2018_1

 

Det same var ferdigheitar frå barneåra, anten det no var frå barnehagen eller barneskulen ... Dei var litt usikre på akkurat når dei gjorde dette sist, men dei måtte i alle fall samarbeide og konsentrere seg!

Rebus2018_2

Ja, sjå der!
- noko slikt, til dømes, kunne kanskje vere godt nok :)

Rebus2018_3

 

Så var det å vandre vidare til neste post. Her er det 1EL1 og kontaktlæraren deira som kjem i godt driv.

Rebus2018_4

Pause, eller ...

Rebus2018_5

 

Her er i alle fall 1TT i bakgrunn,
men det er TP-lærar Kjell Arne (Hermansen) som verkeleg har tenkt å gjere det store akkurat her...

Rebus2018_6

Han må ha vore siste mann ut, bokstaveleg, for sin eigen klasse 1TP,
for her er i alle fall 1TT-elevane i full gang med å prøve å hente poeng.

Rebus2018_7

 

OK, kva vert det neste ein skal gjere ...

Hm?!!!!

Rebus2018_8

Aha, vasshenting!

Med dei få hjelpemiddel ein har fått utdelt av naturen ...

Rebus2018_9

  

Rebus2018_10

  

 ... allemann-alle "in action" på denne posten ... 

  

Rebus2018_11

  

Rebus2018_12

Trur fotografen likte å stå her og knipse ('',)

 

Så var det ut å gå igjen - ein strålande blid gjeng frå 1ST-Internasjonal er fotografert på sin veg bortetter løypa.

Rebus2018_13

Og her da? 

 
Kven er det som kjem marsjerande her, kanskje 1TP!

 

Rebus2018_14

(Gruppa bak rømer ikkje altså! Her er gruppene sendt ut både "med klokka" og mot).

 

Så kom elevane til posten der EL-lærar Volstad og spansk-lærar Hånes regjerte.
Merkeleg kor tankefulle dei då vart...

Og det enda dette er ein Vg2-gjeng, ei basisgruppe frå 2ST2. Men vi er ikkje i tvil; - dette løyste dei greit!

Rebus2018_16

 

Begynner det å røyne på? Er vi midtvegs no ...

  

Rebus2018_17

 

Neida, neida, sjå her! 2TT er i godt driv, i same gode humør som alltid. 

Rebus2018_18

Men hugsa dei noko frå naturfagsundervisninga i fjor?!
Det fekk dei i alle fall testa ut på denne posten ... (Naturfagslærar Aasgaarden kjem til å sjekke opp svara, garantert!)   

Rebus2018_19

 

Jenter frå 2HO ...  

Rebus2018_20

 

Gutter frå 3ST ...

Rebus2018_22

 

Rebus2018_23

  

Rebus2018_24

... ja, nå er eg litt usikker på om alle var frå same klasse
 - men, det var i alle fall gutar alle tre, og dei hoppa tau nokså greit ...

Rebus2018_26

Sjefen på posten: Kroppsøvingslærar Beadle.
Og her er nok 1HO i gong med sine prestasjonar.

  

Her da, kva skjer her?
Litt føleri, tenkjer eg vi trygt kan seie ('',)

Rebus2018_27

  

Slik hald dei på, til dei kom i mål og fekk seg ein velfortent hamburger m/drikke.

Flott innsats av alle saman, både dei som gjekk og dei som vakta postane.

  

Lukke til vidare i skuleåret!!!