Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Skuleåret i Skottland

Skuleåret i Skottland

No er eventyret i Skottland snart over for dei 19 elevane frå Møre og Romsdal.

Biletet her er frå den siste turen dei var på i lag med dei norske lærarane i Inverness og The Highlands.

Eksamenar er overstått, og skuleåret er formelt avslutta med både familie, vener og lærarar til stades. Heime ventar kanskje sommarjobb, før ein er klar til det siste året på vidaregåande skular rundt om i fylket.

Dersom du som les dette lurer på korleis eit slikt år er, så berre snakk med ein av desse eller kontakt oss på Haram vidaregåande skule. Dei vil alle kome til å seie at det har vore ei oppleving for livet!