Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Snart klart for Utdanningsval for 10. klassingane i Haram og Sandøy

Snart klart for Utdanningsval for 10. klassingane i Haram og Sandøy

Utdanningsval vert i år gjennomført i veke 46. 

Opplegget er retta mot 10. klassingar frå Haram og Sandøy. I tillegg får vi besøk av elevar frå andre kommunar som mellom anna vil bli betre kjent med TAF-ordninga. Vi legg vekt på å ha praktiske aktivitetar på stasjonane våre, samtidig som den enkelte får kunnskap om det aktuelle fagområdet som er valt. Vi fekk gode tilbakemeldingar frå elevane som vitja oss i 2018, og vi håper 10. klassingane vil få eit lærerikt og kjekt opphald på Haram vidaregåande skule.

 

Vatne ungdomsskule, Haramsøy skule og Hildre Montessoriskule:

Måndag 11. november

0800 – 0845  Felles informasjon i det store auditoriet
0845 – 0930  Inndeling i grupper og orientering om dagen
0940 – 1100  Økt 1: Aktivitet innafor valte fagområde
1100 – 1130  Matpause (servering i kantina)
1130 – 1430  Økt 2: Aktivitet innafor valte fagområde

Tysdag 12. november

0800 – 0930  Økt 1: Aktivitet innafor valte fagområde
0940 – 1100  Økt 2: Aktivitet innafor valte fagområde
1100 – 1130  Matpause (ta med mat/kantina)
1130 – 1255  Økt 3: Aktivitet innafor valte fagområde
1305 -  1430  Økt 4: aktivitet innafor valte fagområde

 

Brattvåg ungdomsskule og Harøy skule:

Torsdag 14. november

0800 – 0845  Felles informasjon i det store auditoriet
0845 – 0930  Inndeling i grupper og orientering om dagen
0940 – 1100  Økt 1: Aktivitet innafor valte fagområde
1100 – 1130  Matpause (servering i kantina)
1130 – 1430  Økt 2: Aktivitet innafor valte fagområde

Fredag 15. november

0800 – 0930  Økt 1: Aktivitet innafor valte fagområde
0940 – 1100  Økt 2: Aktivitet innafor valte fagområde
1100 – 1130  Matpause (ta med mat/kantina)
1130 – 1255  Økt 3: Aktivitet innafor valte fagområde
1305 – 1430  Økt 4: Aktivitet innafor valte fagområde

 

Skular frå andre kommunar enn Haram og Sandøy

Onsdag 13. november

0900 – 0930  Velkommen til Haram VGS
0940 – 1100  Aktivitet innafor valte fagområde
1100 – 1130  Matpause (ta med mat/kantina)
1130 – 1430  Arbeid i verkstadar innanfor valte fagområde