Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Sosial fjelltur i Gjersetdalen

Sosial fjelltur i Gjersetdalen

Med skulestart følgjer mykje stillesitting og inntak av masse informasjon, også ved HVS. Men etter to slike dager, var det godt å kunne ta beina fatt, småprate med nye, eller gamle, klassevenner og trekke inn frisk luft i flotte naturomgjevnader. HVS-gjengen lagde kø innover grusvegen mot sørenden av Gjersetvatnet!

Fjelltur med grillstopp i Gjersetdalen.
Onsdag 23.08 starta dagen i basisgruppene og målet var å gå samla innover til rasteplassen i sørenden Gjersetvatnet.

Avgang var sett til kl.09:00 og beskjeden for dagen var grei; - Ta på deg gode sko (joggesko, helst fjellsko om du har) denne dagen, og klær som er varme og vanntette nok til at det blir ein kjekk tur uavhengig av veret! 

Nå vart ikkje veret noko problem denne dagen. Strålande sol frå skyfri himmel og god temperatur gjennom heile dagen. Nærast uverkeleg på våre trakter, smilte nokon.

Skulen serverte grillpølser, vegetar- og kyllingpølser, med brød, inne på rasteplassen. I tillegg var det lagt opp til nokre aktivitetar som hesteskokasting, kubb og "line", men det vart litt for trangt om plassen til at alle fekk utfølde seg skikkeleg. Neste gong, folkens, skal vi spreie rasteplassen over eit større område!

Etter ny registrering var det klart for vegval vidare;

  1. Retur via Håvikhornet, over Høgenakken tilbake til HVS
  2. Retur via Tinden, før en følgjer grusvegen tilbake til HVS
  3. Retur langs grusvegen tilbake til HVS

.

Her er nokre bilete frå turen vår.
Det vart nok tatt mange fleire mobilbilete undervegs, for det var nok av koseleg/fine augeblikk å lage evige på denne turen. Men her er i alle fall nokre!

(Foto: Arild Haddal)

Gjerset_Bilde6

I basisgrupper og samla flokk seig "slangen" av elevar og lærarar innover langs Synnalandsvatnet og opp dalen til sørenden av Gjersetvatnet.

.

Fjelltur_bilde1
Gjerset_Bilde2

Grus- og landleg traktorveg mesteparten av vegen, gav høve til småprat undervegs. 

.

Når motbakkane kom, vart det litt meir strekk i køa, men humøret var på topp!

Gjerset_Bilde9

Og i nokre gjengar gjekk praten livleg både bortover, oppover og bortover igjen!
Kjekt å bli kjend med nye klassekameratar.

.

Her er i alle fall ein smilande gjeng fotografert oppover bakkane.

Gjerset_Bilde4
Gjerset_Bilde3

.

.

Så nærmar vi oss toppen.
Under ser vi gjengen i godt driv opp siste kneik før det flatar ut ved Gjerset Vilmarksleir og vegen slyngar seg mot raste plassen vår ein kilometer eller så lengre framme.

Gjerset_Bilde7
Gjerset_Bilde8

Vel framme på rasteplassen vart det litt kaos. Det må innrømmast :)
HVS har mange elevar, meir enn det er plass til på parkeringa rett opp for Gjerset - det er sikkert!

Likevel, kø-kulturen var god, og mat (grillpølser i alle variantar) var det til alle, i dobbelt monn og vel så det. Mat gjer seg på tur.

Her var det og hesteskokasting - som fleire heiv seg på. Og høve til å gå på line - noko ingen heiv seg på ...

Etter å ha nytt sola, sosialt samvere og turpølser, var det klart for retur. Dei fleste valde å gå same veg tilbake igjen, medan ein litt mindre flokk av elevar og lærarar tok turen bort frå vegen og opp i høgda. Dei gjekk heile ryggen med Skulstadhornet, Håvikhornet og Håvikheia før det halla nedover mot Brattvåg og skulen (Kven som gjekk der? Joda, du ser kven i boka på Håvikhornet).

.

Gjerset_Bilde10

Ei av dei meir lokale bebuarane vart og fotografert.

Vakkert foto!

.

Skulstadhornet og Håvikhornet.
Flottast dag fekk dei som valde returen over Håvikhornet, heilt klart. Det meinte i alle fall dei sjølve.

Best utsikt hadde dei - det kan ingen diskutere vekk.

(Foto: Hilde K. Aasgaarden)

Gjerset_Bilde11

Kjekke elevar!

Det var enda fleire som rasta her, det var det, men dei var i ferd med å gå vidare når neste gruppe inntok toppen. Dermed fekk dei heller ikkje vere med på bileta...

.

Gjerset_Bilde13

Kjekke lærarar!

.

Gjerset_Bilde12

Turboka :)
Det var ein baktropp til, som signerte seg inn. Ærlege skal vi vere.

I finveret var det ingen som hadde hastverk med å kome seg tilbake til skulen i denne delen av tuirgjengen.

Koseleg å ha ein kollegaprat i det fri.

Gjerset_Bilde14

Hyggestund på toppen.

Dei aller fleste var ute og gjekk denne dagen, og det var flott!

Vi håper på fleire slike moglegheiter.

.

TAKK FOR TUREN!