Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Språkreise - Tyskland

Språkreise - Tyskland

Tyskgruppa oppheld seg denne "språkreiseveka" i Berlin :)

Ny post herfrå! Her er det mykje flott å sjå og oppleve parallelt med språkopplæringa.

Berlin, i Tyskland

Berlin
Her har du litt informasjon frå oss, tysk-gruppa, som tilbringer veka i Berlin.

 

Vi reiste heimefrå på søndag og er innkvartert i private heimar. Det i seg sjølv er jo litt spennande og skummelt - men vi tenkjer alle at det skal gå bra :)

 

Måndag vart vår første dag her i byen. Etter 3 timar språkskule med masse grammatikk, er vi no på byvandring. Herleg avveksling!

 

På bilete under er vi fotograferte framfor Brandenburger Tor.

Berlin2019_1A

Klarer vi å sjå ut som turistea? Eller ekte studentar?! Ja...?

Vi har og besøkt Checkpoint Charlie*, og vi var ved minnesmerket over jødane** og riksdagen*** med glasskuppel. 

*Checkpoint Charlie (eigentleg heiter det Allied Checkpoint Charlie) var i si tid ein grenseovergang mellom den amerikanske sektoren av Vest-Berlin og den sovjetiske sektoren Øst-Berlin. Den var éin av to grenseoverganger berre til bruk for ikkje-tyskarar og diplomatar. Grenseovergangen sto faktisk i heile perioden mellom 1945 og 1990. Tenk det!

**Minnesmerket over Europas myrda jøder (tysk: Denkmal für die ermordeten Juden Europas) blir og kalla Holocaust-minnesmerket. Det er eit monument i Berlin, like ved Brandenburger Tor, som er bygd til minne om jødane som blei drepne under nasjonalsosialismen. Minnesmerket blei innvia først i 2005.

***Riksdagsbygninga i Berlin (tysk: Reichstagsgebäude) blei setet for Forbundsdagen, Tysklands folkevalgte nasjonalforsamling, frå 1999. Bygninga er gamal, oppført i nyrenessanse-stil i perioden 1884 til 1894, og ligg i Tiergarten i bydelen Mitte. Riksdagsbygninga var sete for riksdagen til det tyske keiserrike og for den same institusjonen i Weimarrepublikken. Diverre blei den originale bygninga nokså skadd under riksdagsbrannen i 1933 og under den andre verdskrigen. Den bygninga vi fekk sjå er difor ein litt modernisert, rennovert utgåve. Det var nok ingen glasskuppel der opprinneleg ...

 

Veka har gått fort.
Vi er no komne til siste heile dag i Berlin.

Allereie.

I dag, torsdag, var vi først på skulen (det er slik også her, ja, sjølv om vi er på "tur") og planen for resten av dagen er å utforske fleire hjørne av Berlin. Kanskje og ein liten tur på shopping ...

Seinare i kveld skal vi ete middag hos vertsfamiliane våre og i morgon seier vi adjø til denne flotte byen.

Vi har hatt ei flott og lærerik veke.

 

Om det blir påskeshopping?
Mmm, ja, kanskje... Nok av freistingar i alle fall :)

Berlin2019_2

 

 

Medan vi gjer oss ferdige med språkveka vår, får dykk andre ta unna nok ein skuledag før påske.

Sjåast deretter!

 

Helsing frå tyskelevane med lærar ('',)