Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Språktur til Berlin for 2ST

Språktur til Berlin for 2ST

I april var 2. klasse studiespesialisering på språkkurs. 

Dei som har spansk hadde ein kjempefin og lærerik tur til Granada, og tyskelevane var i Berlin ei veke.Vi var så heldige å få slå oss i lag med ei gruppe frå Sotra vidaregåande skule, og det vart ei kjekk veke. Vi hadde undervisning på dagtid, og fekk lære meir om språket og kulturen av utruleg flinke lærarar. På ettermiddagane var det guida turar rundt i Berlin med fokus på historie, og vi fekk også interessante turar til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen og den nydelege byen Potsdam.

Det mest spennande var nok å bu i vertsfamiliar og måtte snakke tysk heile tida! Men det gjekk mykje betre enn frykta, og alt i alt vart dette ei utruleg lærerik veke! Neste år blir det nye 2. klassingar som skal på tur og få flotte opplevingar i ein spennande by!

På biletet ser vi elevane ved eitt av dei mange slotta i Potsdam, og dei 5 elvane frå vår skule på byvandring. Frå venstre: Apimanju, Jeanette, Celina, Julianne og Sander.

Berlin1

 

Berlin2