Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Stolt av Haramsrussen!

Dokument

Stolt av Haramsrussen!

Haramsrussen vart i år best i landet under innsamlingsaksjon til Kreftforeningen.

Dei stilte med eineståande innsats og eit fantastisk snittresultat per bøsse!

   

Krafttak mot Kreft - Gullbøssa 2019

Innsats som blir lagt merke til!
Gjennom innsamlingsaksjonen Krafttak mot kreft har russen ved Haram vidaregåande skule i år samla inn 147 000 kroner, og fikk med det eit snitt på 3600,- per bøsse.

Bak desse tala ligg timar med vandring frå dør til dør, over fleire kveldar!

Russen i Haram har tradisjon å bruke fleire kvelder, eventuelt også helg, for å rekkje over heile området sitt.

I 12 år har dei holde på slik, alltid med mål om å klare å samle inn like mykje, eller meir, enn fjorårets russ. Haramsrussen er ikkje så mange, men dei er samvitsfulle og har eit pågangsmot det står respekt av.

Dermed vart dei beste skule i landet, utan sjølv å vite om det.

Torsdag 9. mai fekk dei overraskande overlevert gullbøsse av Kreftforeningen. Det var stas!

 

Heider i kantina på HVS

Haramsrussen 2019_Aksjonsleiarane

Ein stolt innsamlingskomité for Haramsrussen som mottok gullbøsse for beste skule under årets innsamlingsaksjon i Krafttak mot kreft.

F.v.: Ranja Ræstad, aksjonsleiar Petter Spolèn i Krafttak mot kreft, Ragnhild Kolseth og Sunniva Jenset. Anea Rakvåg og Elisabeth Sønderland Nustad var også med i komitéen, men mangla under utdelinga.

Foto: Hilde Beate Ellingsæter

(Sjå oppslag i lokalavisa Nordre - artikkelen ligg og oppe til høgre, her i full utgåve, jf. løyve)

 

- Difor! 

Gullbøssa 2019 - heider

 

Dette var fortjent !!!

Med eit slikt resultat, veit vi at vi omgir oss med ein fantastisk fin ungdom.

Stolt!

...

Og best - dei gjer dette år etter år etter år ...

 

Tusen takk for innsatsen, Haramsruss 2019!