Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Tilbakeblikk; - Ekskursjon til Vestnes

Tilbakeblikk; - Ekskursjon til Vestnes

Skuleårets første høgdepunkt er unnagjort. Felles ekskursjon i naturfag for 1ST1, 1ST2 og 1TT er faktisk veldig artig! Det er tilbakemeldingane frå elevane.

Vestnes, september 2017

Riktignok går det i fag frå morgon til kveld (les NATT), men med massevis av sosialt samvere, småprat og felles faglege "problem" undervegs, opplever både elevar og lærarar denne turen som særdeles kjekk å vere på.

Turen i år, med dei tre klassane 1ST1, 1ST2 og 1TT, var ikkje noko unnatak.

Vi hadde det veldig kjekt!

 

Fagleg innhald – kvifor er vi der?
Ekskursjonen skal dekkje følgjane læreplanmål i naturfag:

- undersøke eit økosystem og vurdere kor det er i suksesjonsprosessen
- beskrive suksesjonsprosessar i eit økosystem
- gjere greie for faktorar som verker inn på storleiken til ein populasjon.

Så i løpet av dei to første dagane er elevane ute i grupperog studerer tre ulike lokalitetar, som kvar er i eit av stadia i suksesjonsprosess frå snauhogst til gamal skog. Litt trasking fram og tilbake, sanking av arter, vurdering av abiotiske faktorar, finne pionerartar, nøkkelartar, skugge-elskarar osb. Mykje nytt for dei fleste og mange nye oppdagingar om naturens mangfald.

Sluttprodukt i oppdraget – presentasjon/framføring med vurdering gruppevis
Undervegs i arbeidet vil lærargruppa merke seg;
• Gruppedeltakarane sin evne til å saman få oversikt og fagleg forståing av dei tre tildelte felta
• Kvar gruppedeltakar sin evne til å resonnere seg fram til gode slutningar gjennom observasjonar i felt, teori-innhenting og diskusjonar
• Ryddigheit i forarbeid og presentasjon

I sluttproduktet vil ein sjå etter om alle delspørsmål er svara på, blir ryddig og riktig presenterte og om alle gruppedeltakarane viser engasjement og fagleg innsikt.

Dette betyr med andre ord at etter frukost tredje dag går ein rett på foredragsrunde, der alle får innblikk i feltlokalitetane og funna til dei andre gruppene. Super repetisjon og god læring.

 

Bilete frå turen ser du her!
Første tur ut i felten - vi går i samla flokk, men gruppene er klare. Og, det er nesten klart for dei fleste kva dei skal gjere på også, når vi berre kjem oss opp i lauvskogen.

Ruteanalyse, artsbestemming og måling av abiotiske faktorar - joda, vi dette skal gå bra!

Vestnes_1-1
Vestnes_1-2
Vestnes_1-3
Vestnes_1-4
   
   
   

Det vart ikkje fleire bilete frå felten første dagen, men ein lærte å sjå skogen med andre auge :)

Dag 2 gav nye utfordringar.
Først studie i felten, så samanlikning og konklusjonar i høve oppdraget.

Granfeltet var ein relativt klaustrofobisk oppleving. Litt artig å sjå på, og ikkje minst høyre på, da elevflokken kom krypande ut av kvistkaoset. 

Vestnes_2-1
Vestnes_2-2
Vestnes_2-3
Vestnes_2-4
Vestnes_2-5
Vestnes_2-6
Vestnes_2-7
Vestnes_2-8
Vestnes_2-9
Vestnes_2-10

Lite forskjell på elev og lærarar når vi er ute i felten - kanskje litt stillare der dei kraup fram :)

Andre grupper hadde det litt luftigare. Dei vart plassert oppe i furuskogen, og eit gamalt hogstfelt litt høgare opp i lia. Det gav litt meir handlingsrom (bokstaveleg) og betre utsyn.

Vestnes_3-1
Vestnes_3-2
Vestnes_3-5
Vestnes_3-4
Vestnes_3-6
Vestnes_3-6
Vestnes_3-7
Vestnes_3-7
   

Etterarbeid og førebuing til presentasjonen

Vestnes_4-3
Vestnes_5-2
Vestnes_4-4
Vestnes_3-3
Vestnes_4-5
 
   
   

Kjøkenkos!

Vestnes_5-3
Vestnes_5-2
Vestnes_5-3

Takk for ein hyggeleg tur!
Håper de alle får ei god helgs søvn ...

Helsing faglærar gruppa;
Lou, Hanne og Hilde