Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Tiltak for å unngå Korona-smittespreiing

Tiltak for å unngå Korona-smittespreiing

Alle elevar er bedne om å ikkje kome på skulen f.o.m. fredag 13.mars og fram til søndag 29.mars. Vidare informasjon vil kome innan utgangen av søndagen.

Elevane blir vidare bedne om å halde seg fagleg ajoure jf. dei undervisningsopplegga faglærarane deira gir via sine digitale plattformer.

Dette gjeld alle elevar i dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal fylkeskommune, etter oppmoding frå skuleeigar.

Det er ikkje her snakk om karantene, men å sikre at større folkemengder ikkje samlast i same, avgrensa område.

Møre og Romsdals fylkeskommune sine samleside for tiltak knytt til smitteavgrensing, finn du her

  

Hjemmekarantene for dei som har vore i utlandet
Haram vgs. har i sin daglege drift eit internasjonalt fokus, som inneber ein viss reiseaktivitet for ulike elevgrupper. Som tidlegare informert om, vil alle planlagde fagturar til utlandet utgå dette skuleåret.

Vi gjer og merksam på føringane gitt frå statsminister Solberg i dag, 12. mars;
Alle som kommer tilbake fra reiser utenfor Norden, skal i hjemmekarantene - uavhengig av om de har symptomer eller ikke
- Kollektivtransporttilbudet opprettholdes. 

Tiltakene gjelder fra i dag 12. mars, klokken 18.00, til 26. mars 2020.
(Kjelde: vg.no/nyheter/innenriks: Dette er tiltakene til Erna Solberg - Vi står i en vanskelig tid.)

Våre elevar og lærarar som har kome tilbake frå reise siste par veker, blir bedne om å overhalde dette påbodet. (Beskjed blir fortløpande gitt ut til den enkelte elev og lærar).

    

Leiinga ber elles alle halde seg oppdaterte på utviklinga.

Skuleleiinga vil generelt informere ut via felles-e-post til alle tilsette om alt som gjeld HVS og situasjonen, medan kontakt-/faglærarar informerer vidare ut til elevane via Its Learning, ev Office365 for dei som naturleg jobbar der.

  

Leiinga