Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Tur til tingeretten

Tur til tingeretten

Tysdag 09/1 var sosiologiklassa på tur til Ålesund. Målet var tingretten, der vi endeleg hadde fått høve til å følgje ei ekte rettssak. 

Mange av oss hadde stått opp tidleg og reist langt, nokre heilt frå Midsund. Men sjølv om vi var trøtte då vi kom fram, vakna vi fort til live då vi vart tekne imot på beste vis av tingrettsdommaren. Han hadde satt av 40 minutt til å snakke om saka og arbeidet til tingretten. Faglæraren var veldig begeistra og fekk høve til å spørje mange spørsmål, både frå pensum og av rein nysgjerrigheit.

Det var spanande å følgje saka, men òg litt rart. Vi følte at vi kom nær eit drama frå verkelegheita. I tillegg fekk vi høve til å følgje spelet mellom aktor, som krevde fengsel, og forsvarsadvokaten, som ville ha samfunnsteneste.

Då saka var over, spurte dommaren kva vi tykte det burde bli. Det verka som vi halla mot samfunnsteneste, no ventar vi spent på dommen.

 

Dommaren
rettsal