Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Undervisningsevaluering 2019

Undervisningsevaluering 2019

Det er politisk vedteke at vidaregåande skolar i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skoleår.

Denne evalueringa er no på gong.

Målet med evalueringa
er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket. Resultata vil brukast i utviklingsarbeid mellom lærar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. 

Evalueringa gjennomførast som ei elektronisk spørjeundersøking som elevane skal gjennomføre i skoletida.

Spørsmål er relatert til korleis elevane har opplevd læringssituasjon, eigen innsats, motivasjon og  undervisninga i eit tilfeldig utval fag, og gjeld frå skulestart i august og fram til evalueringsdato.

Det er frivillig for elevane å svare på undersøkinga, men vi oppmodar alle elevar til å delta. 

Svara blir behandlast konfidensielt.

Meir informasjon kan de lese i vedlagt informasjonsskriv, som og er utlevert til alle elevane.

Vi ønskjer dykk ein god prosess vidare, slik at læringsmiljøet blir best mogleg for alle.

Takk.

 

Adm.