Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Utdanningsval 2018

Kontaktpersonar

Ivar Perry Roald
Rådgjevar
71 28 17 08
Send e-post

Dokument

Program for Utdanningsval, veke 46
PDF-dokument - 492,32 kB

Utdanningsval 2018

Utdanningsval vert i år gjennomført i veke 46, med to besøksdagar her på skulen. 

Velkomen til Haram vgs!

  

      

Opplegget er retta mot 10. klassingar frå Haram og Sandøy. I tillegg får vi besøk av elevar frå andre kommunar, som mellom anna vil bli betre kjent med TAF-ordninga.

Alle 10.Klassingane får gruppevis følgje eigne timeplanar, tilpassa utdanningsprogrammet dei har valt.

Vi legg vekt på å ha praktiske aktivitetar i dei ulike faga, samtidig som den enkelte får kunnskap om det aktuelle fagområdet som er valt.

 

Program
I vedlagt program (til høgre) ligg eit generelt oversyn over aktiviteten på skulen denne veka, med fokus på oppstartstidspunkt per økt. Det vert gjennomført to runder av to dagar inn mot våre utdanningsprogram ST, TP, EL og HO. Dette skjer på mån-/tysdag og tors-/fredag. 10.klassingane får følgje utvalte fag gjennom skuledagen, medan undervisninga elles går som normalt for våre elevar. Dermed vil dykk som besøker oss få sjå ein tilnærma "normal" skulekvardag.

Onsdag 14.11 tar vi imot 10. klassingar som vil sjå nærare på kva det vil seie å vere TAF-elev, eller gå YSK som det heiter offisielt (yrkes- og studiekompetanse = YSK / tekniske og allmenne fag = TAF). Desse elevane vil få følgje eigen timeplan denne onsdagen, med god kontakt med våre TAF-elevar. Det håper vi blir inspirerande!

2TT-elev
Sveis

Over ser du to av våre TAF-elevar i arbeid i sine yrkesfaglege programfag. Kanskje kan dette vere deg til neste år?

  

Og vidare her ser du nokre bilete til frå kvardagen på dei andre utdanningsprogramma vi har Haram vidaregåande skule:

TP

Teknikk- og industriell produksjon 

KJ

Studiespesialisering - kjemi 

HEA

Helse- og oppvekst

EL

Elektro

 

Da ønskjer vi alle som besøker oss hjarteleg velkomen, og håper kvar og ein vil få eit lærerikt og kjekt opphald her på Haram vidaregåande skule.

Velkomen!