Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Uttakskonkurranse for TP-elevar

Uttakskonkurranse for TP-elevar

Haram vgs har gjennomført skulekonkurranse i sveis og i maskinering i samarbeid med Opplæringskontoret i Haram og Sandøy.

Onsdag 17.januar arrangerte Haram vidaregåande skule uttakskonkurranse til Fylkesmeisterskapen.

Det vart konkurrert i manuell maskinering og sveising, og vinnarane gjekk så vidare til Fylkesmeisterskapen som vert arrangert på Borgund vgs den 31. januar. Vinnarane denne gongen vart Tuva i sveising og Lima Brian i maskinering.

Opplæringskontoret i Haram og Sandøy har lagt ut fin artikkel og fleire bilete frå aktiviteten under konkurransen. Klikk deg inn på heimesida til OKHaram og les/sjå meir!

DeltakararSkulekonkurranse2018

Flott innsats gjennom dagen!

Vi ønskjer vinnarane lukke til i Fylkesmeisterskapen i slutten av månaden.

Stolt av dykk, uansett!