Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Velkomen til Utdanningsval 2017

Velkomen til Utdanningsval 2017

Utdanningsval vert gjennomført i veke 46.
Opplegget er retta mot 10. klassingar frå Haram og Sandøy. I tillegg får skulen besøk av elevar frå andre kommunar, elevar som mellom anna vil bli betre kjent med TAF-ordninga. 

Vi gler oss til å vise fram våre utdanningstilbod, samt dei nye lokala våre her på HVS.

Kulturkantina har og rusta opp matmengda (tilbodet elles er godt nok som det er!). Så på HVS er det no klart for innrykk.

Program finn du her (sjå programmet i høgremargen på denne kalendarsida du kjem til).

Men innhaldet, det må opplevast!
Kva den enkelte får oppleve, vil vere svært forskjellig, avhengig av kva for utdanningsprogram du som 10. klassing har valt å følgje. Her er det gode planar for dagane, både HO, EL, TP og ST, der sistnemnde vil vise tilbod med realfagsvri, språk/samfunnsfag- og/eller internasjonal vri.

Velkomen til HVS!