Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Velkomen til nytt skuleår!

Dokument

Info-brosjyre HVS -skulestart 2020
PDF-dokument - 723,08 kB

Velkomen til nytt skuleår!

Måndag 17. august ønskjer vi nye og gamle elevar tilbake til skulen.

I år har vi ein sterk auke i elevtalet, og vi tatt inn fleire elevar og klassar enn kapasiteten skulle tilseie, men vi får det til. 

Vi er glad for at akkurat du kjem til oss og vi vil gjere vårt beste for at du skal få ein trygg og god skulekvardag med eit positivt læringsmiljø. Det er viktig for deg og det er viktig for oss.

    

Program 1.skuleveka
Pga. smittevern-situasjonen har vi delt elevgruppene opp ved mottaket.
- Yrkesfagklassene og TAF startar opp i auditoriet. Bruk inngangen nærast verkstadbygget.
- Studiespesialisering begynner dagen på tildelte klasserom (oppslag v/hovudinngangen). Bruk hovudinngangen/raudfarga inngangar.

Vi ber alle elevar og føresette halde seg informerte om føringane for smittevern, som gjeld for alle vidaregåande skular. Fylket har smala all informasjon, inkludert det som gjeld for skyss, her

Måndag 17.08. 

Vg1-klassar

Kl. 0900 Elev-mottak Vg1
- 1TIP, 1EL,1HO, 1TAF møter i auditoriet
- 1ST møter på rom 244/245

Kl. 0945-1100 Info. per klasse/gruppe på ulike klasserom

Kl. 1100-1125 Matpause

Kl. 1125-1430 Basisgruppemøte med kontaktlærar på eige klasserom
 
Vg2- og Vg3-klassar

Kl. 1030 Elev-mottak Vg2

- 2HO, 2TP og 2TAF møter i auditoriet
- 2ST1 møter på rom 232 og 2ST2 på rom 228,
- 3ST1 møter på rom 231 og 3ST2 på rom 227
- 3PB møter på rom 161

Kl. 1100-1125 Matpause

Kl. 1125-1430 Basisgruppemøte med kontaktlærar/faglærar (eigen romplan)
  

Tysdag 18.08.

Bli kjent-dag i lag med kontaktlærar og nokre faglærarar 
- Klassemiljø og læring
- Rebusløp
- Planlegge aktivitetsdagen
- Utlevering bøker

  

Onsdag 19.08. Aktivitetsdag

I dag gjennomfører vi fjellturen som klassane har planlagt. Dette vert om veret tillet det. Alternativt ordinær timeplan om

 

Torsdag 20.08. Ordinær timeplan

Fredag 21.08. Ordinær timeplan

   

Velkomen til HVS!