Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Yrkes-NM 2018

Yrkes-NM 2018

WorldSkills Norway arrangerer annakvart år Yrkes-NM, der læringar og unge fagarbeidarar får vist sine ferdigheiter i relativt tøff konkurranse - kjempespennande!

I år vart Yrkes-NM 2018, og Utdanningstorg 2018, gjennomført som eit stort fellesarrangement på det nye kongress- og messesenteret X Meeting Point Norway på Hellerudsletta like utenfor Oslo. Konkurransen var no i oktober, med rekordstor oppslutning.

Og ekstra stas, fleire av våre tidlegare elevar hadde kvalifisert seg til deltaking. Berre det gjorde oss stolte av elevane våre.

Og, dei gjorde det godt!
HVS gratulerer, og er både nøgd og stolt over kva våre elevar får til - dei er verkeleg flotte representantar for skulen og for yrka sine.

  

Elektrikar
Vinnar og 1.plass: Jørgen Andreas Moe
-  tidlegare TAF-Elektro-elev og no stasjonert i CERN, Geneve(Sveits.

JM

(Foto: http://worldskills.no/yrkes-nm-2018/...)

  

Kulde- og varmepumpemontør
Vinnar, 1.plass: Sander Grinde - tidlagere elev på HVS på Vg2 KVT-elev
2.plass            : Artem Søreng -  tidlagere elev på HVS på Vg2 KVT-elev

Y-NM2018_KVT

(Foto: http://worldskills.no/yrkes-nm-2018/...)

  

Sveis
3. plass          : Fredrik Sæther - tidlagere elev på HVS på Vg2 Industriteknologi og Vg3 Sveisefag

Sveis_Y-NM2018

(Foto: http://worldskills.no/yrkes-nm-2018/...)

  

Sjå alle årets vinnarane her

  

Nokre foto-glimt frå sjølve arrangementet:

Elektrikarane i aksjon, i kvar sin bås, heilt oppslukt av sitt oppdrag og sine eigne, løysningsorienterte tankar. Her ser vi Jørgen Andreas Moe fotografert medan han holdt på med oppgåva si.

EL_YNM2018_JAMinAction

Yrkes.NM 2018, Jørgen Andreas Moe
Foto: http://worldskills.no/yrkes-nm-2018/...

  

På området for Kulde og varmepumpemontørar var det ikkje mindre konsentrasjon - her gjekk alle "all in" for å levere kvalitet.

(Foto levert av faglærar Torbjørn Volstad, som hadde gleden av å vere tilstades)

YNM_3
YNM_4
KVT_H18_1
KVT_H18_2
KVT_H18_3
KVT_H18_4
KVT_H18_FS
KVT_H18_5
KVT_H18_6
KVT_H18_9

 

Ei flott oppleving for alle som deltok og elles var innom for å sjå på.

Vil du vere med? Ja, da er det berre å jobbe godt, lære mest mogleg og vere stolt av yrket ditt. Kanskje er det deg vi kan lese om under, og etter, kommande Yrkes-NM, eller kanskje allereie i eit Sole-NM?

 

Les om Yrkes-NM her