Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyttig informasjon

Nyttig informasjon

Nyttig informasjon

I skulekvardagen er det mykje å halde styr på. Under denne fanen vil du alltid finne opplysningar om regelverk, tidsrammer, prøveplan og andre detaljar i kvardagen. Dette er ting du som elev må kjenne til, og sjølvsagt følgje opp.

Hald deg orientert
Hald deg orientert om kva for reglar, retter og plikter du har som elev. Dette finn du i skulereglementet over, samt opplysningar knytt til lærebøker, timeplan etc.

- Aktivitetsplan for skuleåret
Dette er ein plan som i grove trekk viser kva som skjer på skulen gjennom skuleåret, utover vanleg timeplan. Du finn det meste av innhaldet i denne kalendaren som gjeld elevar på "Framsida" - sjå kalenderen ute til høgre der.

Endringer vil nok kunne skje gjennom skuleåret, da kvardagen på ein skule må gi rom for ein viss fleksibilitet. Planen vil bli oppdatert fortløpande, så følg med! 

- Skulen har sett opp prøveplanar for alle klassar 
Hald deg orientert om når dei ulike prøvene kjem - for dei kjem!
I prøveplanane til høgre er dei fleste prøvene for kvar klasse sett inn på rett dato slik at du har høve til å langtidsplanlegge litt. Det kan vere lurt å gjere for å unngå stress. Det vil gje deg ei betre kjensle av å ha kontroll i kvardagen din.

Heildagsprøvene til dei ulike klassane er ikkje lagt inn i denne planen, men kjem som eigne oppslag, både på skulen og her på heimesida, i god tid før heildagsprøve-periodene set inn. Den første perioden ligg tradisjonelt i dei tre vekene før jul og den neste perioden er oftast lagt til vekene i slutten av april.

- Fagrom i arbeidstida onsdagar, 5.-6.time
Kvar onsdag er det sett av to fortløpande skuletimar til fagleg fordjuping i ønska fag. Dette er innarbeidd tid og det er obligatorisk oppmøte for alle elevar og lærarar. Lærarane er ute på eigne, oppsette fagrom (sjå eigen plan til høgre) og du som elev vel kva for fagrom du vil vere på denne økta.

Kravet er at du 1) arbeidar i rett fag, 2) veit kva du skal halde på med og 3) syt for god fokus og arbeidsro gjennom heile økta. Hugs å få signert for oppmøtet på dette fagrommet av romansvarleg innan du går til neste time etter timeplanen. Kontaktlærar vil kontroller registreringsskjemaet jamleg og føre inn oppmøte/fråvær i Skolearena.

Fagromoversikt og registreringsskjem finn du ute i høgremargen.

Fråværsregistrering

Dersom du er borte frå skulen, MÅ skulen få informasjon om dette. Til høgre finn du eigenmeldingsskjema og skjema for eventuell permisjons-søknad.

Dersom du skal vere borte frå skulen og kjenner til dette i forkant, skal du nytte permisjonssøknaden. Skriv den ut, fyll inn rette opplysningar og lever den til skulen via kontaktlæraren din.

Dersom du er borte frå skulen ein eller fleire påfølgjande dagar, skal du BÅDE melde frå til din kontaktlærar (t.d. via SMS eller epost) og så bruke eigenmeldingsskjemaet i etterkant. Skriv det ut, fyll inn rette opplysningar og signer. Dersom du er under 18 år skal og ein av dine føresette skrive under. Eigenmeldinga skal leverast med signatur(ar) til kontaktlærar med det same du kjem tilbake til skulen.

Dersom eit fråvær kjem til å strekke seg over fleire dagar, er det viktig at du informere kontaktlæraren din om det. Dette for å unngå unødig bekymring når nokon er fråverande.

Elev og foreldreinformasjon frå Utdanningsavdelinga
På heimesida til Møre og Romsdal fylkeskommune finn du nyttige lenker og informasjon som gjeld vidaregåande opplæring generelt. Er det noko du lurer på, kan det hende du finn svar på det der.
Sjekk ut: Elev- og foreldreinformasjon

Dokument

Aktivitetsplan 2016-2017
PDF-dokument - 378,68 kB
Fagromplan, for 5.-6.t onsdag
PDF-dokument - 305,85 kB
Registreringsskjema for arbeidstid
PDF-dokument - 84,03 kB
Eigenmelding ved fråvære, elev
PDF-dokument - 126,20 kB
Elevskjema - permisjonssøknad
PDF-dokument - 438,12 kB
Korleis legge til skrivar i Windows
DOCX-dokument - 15,90 kB
Korleis legge til skrivar i Mac OS X
DOCX-dokument - 539,16 kB
SkoleArena, brukarmanual for foresatt
PDF-dokument - 4,92 MB