Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyttig informasjon > Gruppeorganisering

Gruppeorganisering

Gruppeorganisering

Ei tidlegare endring i Opplæringslova tilseier at elevane no skal delast i grupper, ikkje klasser.

Ved Haram VGS nyttar vi framleis klasseomgrepet i det daglege, men hardelt kvar klasse inn i 1-3 basisgrupper med kvar sin kontaktlærar innad i klassen, avhengig av elevtalet.

Målet med endringane er å styrke undervisninga, og å leggje betre til rette for tilpassa opplæring av kvar elev, og ivareta elevane sitt behov for sosialt tilhør. Kvar elev skal vere knytt til ein lærar (kontaktlærar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld eleven, mellom anna kontakten med heimen. Kontaktlæraren skal ha eit særleg ansvar for å følgje med i eleven si utvikling og resultatoppnåing, koordinere det fagleg/pedagogiske samarbeidet med andre lærarar, og samarbeide med rådgjevar om den psykososiale rådgjevinga.

Gruppestorleiken (elevar pr. kontaktlærar) skal tilpassast målet med denne organiseringa, med høve til fleksibilitet, og normalt vere avgrensa til 5-8 elevar pr. gruppe/kontaktlærar, unntaksvis kan gruppa ha 10-15 elevar. Faglege, pedagogiske og praktiske grunnar avgjer dette.

Basistime (kontaktlærar + basisgruppe)
Det er lagt inn eit basismøte per veke. Normalt er dette lagt til 5.time måndag for alle klasser. Unnataket er i klasser/basisgrupper med utplassering på måndagar - desse basisgruppene har fått tildelt eit anna tidspunkt i sin timeplan.

Vi gjer merksam på at basismøtet er obligatorisk for alle elevar. Det er lagt inn i timeplanen til klassen, og kontaktlærar vil føre fråvære for denne timen på linje med anna fråvære.