Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyttig informasjon > Skuleskyss

Skuleskyss

Skuleskyss

Fylkeskommunen syter for dagleg skyss eller skysstilskott for elevane i den vidaregåande skulen.
For nyttig informasjon, sjekk ut linken Skuleskyss.

Generelt
Dei fleste som reiser dagleg, kjem seg til og frå skulen med buss, eller med buss og ferje. På strekningar med få elevar kan det vere nødvendig at desse nyttar private skyssmiddel, og dei får då skyssgodtgjersle etter eigne reglar.

Eventuelle kostnader som er større enn det gjeldande satsar dekkjer, må dokumenterast.

Har du krav på skuleskyss?
Dei elevane som har krav på fri skuleskyss må bu meir enn
6 km frå skulen. Dersom du må nytte båt/ferje for å kome til skulen, får du fri skyss uavhengig av reiseavstand.

Elevar med funksjonshemming og som kan leggje fram legeattest/sakkunnig uttale, har og rett til fri skuleskyss.

Det er og reglar for skyss-system for elevar med delte heimar, der ein eller ev. begge heimane er lokalisert lengre unna skulen enn 6 km.

Dersom du har krav på fri skuleskyss ber vi deg ta kontakt med kontoret. Der vil du få meir informasjon og få høve til å fylle ut dei skjema som må til for å få reisebevis.

NB! 
Elevar som misser reisebeviset, må gi melding til skulen.
Du må då rekne med ein kostnad for å få laga eit nytt reisebevis.

Rutehefte for buss eller ferje?
Da bør du nytte nettbasert informasjon om rutetider. Der finn du all oppdatert informasjon om rutetider til buss, ferje og passasjerbåtar som trafikkerer i lokalområdet vårt.

Fram-MR

Fjord1

Kontaktpersonar

Magnhild Kristin Fjørtoft
Fagleder
71 28 17 04 / Mob. 958 36 419
Send e-post