Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Timeplan

Organiseringa av opplæringa

- viktig for studietilbodet og læringsarbeidet

Timeplan
Alle elevar har ei ytre ramme på timeplanen sin, kl 08:05 - 14:30.
Kvar onsdag er det lagt inn ei økt med arbeidstid, kl 11:25 - 12:55, der elevane sjølve vel eit fagrom der dei får jobbe med tilhøyrande fag (leksearbeid eller fordjuping).

Basismøte
Dette er eit fast, forpliktande møte mellom ei bestemt elevgruppe (basisgruppe) og kontaktlæraren deira. Det er obligatorisk oppmøte. Fråvere vil bli registrert.

Normalt ligg desse kontaktmøta timeplanlagt til 5.time måndag, kl 11:25 - 12:10. Her skal det bli gitt ut viktig informasjon, gitt høve til diverse samråding knytt til elevkvardagen og/eller oppfølging av ulike tema, gjennomført elevsamtalar, etc. Alle avtalar mellom kontaktlærar og elev er bindande og forpliktande i eit gjensidig tillitsforhold.

Innhald og opplegg, praktiske ordningar osb. vil bli evaluert undervegs, og, om naudsynt, korrigert med jamne mellomrom i skuleåret.