Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Om skulen

Om skulen

Litt om skulen

Haram vidaregåande skule er ein kombinert skule.

Skulebygget ligg fritt og fint til i åsen bakom Brattvåg, kommunesenteret i Haram kommune. Det er eit nyrennovert og funksjonelt bygg, med friske fargar og godt inneklima. Både elevar og tilsette uttrykker stor trivsel i desse omgjevnadene.

Inntaksområdet vårt er hovudsakleg kommunane Haram, Sandøy og Midsund, men skulen har elevar frå andre nabokommunar også.

På dei meir spesielle utdanningstilboda til skulen, som 4-årige Teknisk og allmennfagleg utdanning (TAF) og Vg2ST-Skottland, har elevar frå større delar av fylket.

 

Skulen sitt nærområde
Skulen ligg i eit område med flott Sunnmørsnatur og nærmiljøet har fine fasilitetar å by på.

Næraste naboar er Brattvåg ungdomsskule, med idretts- og symjehall, og Brattvåg IL, med sitt oppdaterte idrettsanlegget.

Det er og kort veg ned til kommunesenteret, der bl.a. kulturbygget Ingebrikt Davikhuset ligg, sjukeheim, ulike helsetenester, butikkar, bibliotek og kommunen sine tenester. Vidare er det like kort veg ut i naturen, anten ned i fjøra eller opp i fjellet.

Haust ved HVS

 Hauststemning ved Haram vidaregpande skule

 

 

Stolt og skapande
Det er det Haram vidaregåande skule ønskjer å vere, og ønskjer å gjere elevane sine til å vere!

Elevtal
Skulen har eit relativt stabilt elevtal på omkring 300 elevar, inkludert ein klasse Vg2 ST i Skottland. Skulen er stolt av elevane ved skulen - dei er venlege, viser år etter år god oppførsel, fin stå-på-vilje og utrettar stadig gode ting både i den normale skulekvardagen og i større samanhengar. 

 

Tilsette
Skulen har omkring 55-60 tilsette (varierar etter stillingsstorleik til den enkelte).
Hovudsakleg er dei tilsett innan pedagogisk personale, der lærarane er fordelte på eit breidt spekter av fagområde og utdanningsprogram innan yrkesfag og studiespesialisering.
Administrasjon består av 5 personar; rektor, ass.rektor og 3 fagleiarar.

11 er tilsett innan adm/drift personale; - 2 konsulentar på hovudkontoret, 1 person innan IT-driftsansvar, 1 rådgjevar, 2 assistentar, 3-4 reinhaldarar og ein vaktmeister. (Skulen har ein liten bibliotekarressurs på 30 %, som ein av lærarane no har innbakt i stillinga si).

Alle er med på å drifte skulen til det beste for elevane.

 

Elevretta støttefunksjonar
Helsesøster har treffetid på skulen kvar tysdag og torsdag kl 09 13. Ho er og tilgjengeleg etter avtale på andre tidspunkt når slike behov blir melde inn.

PPT er ein god samarbeidspartnar for skulen. Det er ein kontaktperson(50% stilling) ved PPT-kontoret i Ålesund som er knytt opp mot Haram vidaregåande skule. PPT er tilstades på skulen to dagar i veka, kvar måndag og onsdag. Dei stiller og opp på møte, eller ved andre høve, etter innkalling.

Storparten av elevane våre bur heime, men dei som er avhengige av hybel, skaffar seg den forholdsvis greitt. Skulen kan også hjelpe til. Ta kontakt med kontorpersonalet for oversyn over hybelsituasjonen i bygda. Ta gjerne kontakt med kontoret om du har ledig hybel du kan tilby ein elev!

Først skuleveka vert avslutta kring felles grill. Ein hyggeleg start på eit nytt skuleår.

   
Grilling_HVS

Grilling på skuleplassen,
og rebusløp kring vatnet. Kjekt!

Aktivitet2016_1
Aktivitet2016_2

Bli kjend med nye medelevar ('',)
Velkomen til Haram vidaregåande skule!