Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Om skulen > Kvalitetsplan

Kvalitetsplan 2011 - 2015 for Møre og Romsdal fylkeskommune

Kvalitetsplanen 2011-2015 for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Dette er ein målretta plan for arbeid med kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal for perioden 2011-2015. For å utvikle kvaliteten i vidaregåande opplæring vil Møre og Romsdal vere tydelege medspelarar på vegne av fellesskapet i regionen, vere profesjonelle i alt vi gjer, fagretta, utviklingsorienterte og med tydeleg respekt for samfunnsoppdraget vi er gitt.

Utfordringar for alle, gode læringsmiljø, betre gjennomføring og tettare oppfølging i vidaregåande opplæring er fanesaker i utviklingen av kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Ei hovudmålsetting er at talet på elevar som gjennomfører vidaregåande opplæring med greidd resultat etter 5 års opplæring skal aukast frå 70% til 75% ved utgangen av planperioden.

Kvalitetsplanen til Møre og Romsdal fylkeskommune skal følgjast opp gjennom årlege tiltaksplanar både på skule- og skuleeigar-nivå. Kvar av dei vidaregåande skulane i fylket skal lage eigne handlingsplanar med konkretisering som gjeld for eigen skule.

Tiltaksplan for Haram vidaregåande skule finn du ved linken på høgre side.

Vi rår alle våre tilsette og elevar å halde seg orienterte om innhaldet i denne planen, og å arbeide for at skulen når sine målsettingar.

Administrasjonen

Dokument

Tiltaktsplan for HVS, 2016-2017
PDF-dokument - 118,57 kB