Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Om skulen > Visjon

Visjon

Brosjyre front

Haram vidaregåande skule arbeider for at du som elev skal nå måla dine, og slik oppleve fagleg, sosial og personleg utvikling. Vi ønskjer at du, saman med nærverande og tilgjengelege lærarar, er aktivt med i planlegging og gjennomføring av opplæringa.

Haram vidaregåande skule har mange ulike programområde. Dette fører til at elev- og lærargrupper med ulike interesseområde og -bakgrunn, er samla under same tak, noko vi ser på som ein styrke og rikdom.

Haram vidaregåande skule er kjent for å ha eit godt elev- og læringsmiljø, og for sitt gode samarbeid med kommune og næringsliv. Vi har gjennom samarbeidet gjort det mogleg å etablere nye utdanningsprogram og nye arbeidsmåtar i opplæringa. Med utgangspunkt i det programområdet du vel, vil du få høve til utplasseringar i eit aktivt og internasjonalt retta næringsliv, og å delta på ekskursjonar i inn- og utland.

Som elev ved Haram vidaregåande skule vil du verte respektert for den du er, og du får vere med å skape di eiga framtid.

Du er velkommen til Haram vidaregåande skule!

kunnskap og kvalitet respekt samarbeid tryggleik og trivsel
nærleik mangfald og moglegheiter positiv haldning og lojalitet