Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Studietilbod > Helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag

Vg1 Helse- og oppvekstfag

Ønskjer du å jobbe med menneske, vere i lag med dei i ulike aldersfaser og hjelpe dei i forskjellige livssituasjonar?
Då kan helse- og oppvekstfag vere noko for deg.

Haram vidaregåande skule tilbyr Vg1 Helse og oppvekstfag, Vg2 Helsearbeidarfag og Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag.

Du kan då bli:

  • helsefagarbeidar
  • barne- og ungdomsarbeidar

Aktuelle arbeidsstader:

  • sjukeheimar, sjukehus eller heimebaserte tenester
  • butenesta i ei kommune
  • barnehagar eller skulefritidsordningar

Du bør vere:

  • omsorgsfull og kunne ta omsyn til menneske med forskjellig bakgrunn og livssituasjon
  • flink til å kommunisere
  • god til å samhandle med andre

Utdanningsprogrammet fører fram til yrke kor eigne haldningar, kunnskap om helsefremjande arbeid, livsstilssykdommar, arbeidsmiljø og kulturforskjellar er viktig, og kor det blir stilt krav til heilskapleg tenking og tverrfagleg samarbeid.

Ein gjer merksam på at i fleire yrke vert det krevd politiattest.

Etter Vg2, eller etter oppnådd yrkeskompetanse (fagbrev), kan du velje Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse.

.

Livsglede for eldre - HVS

- Kan elevane oppleve god læring i alle fag på sjukeheim?
- Kan skular oppleve vinning ved å ta eit samfunnsansvar for våre eldre?

Ja, meiner organisasjonen "Livsglede for eldre".
Og JA meiner vi ved HVS.

Difor har også vår skule skrive Livsglede-kontrakt og er i gong med arbeidet å planlegge positive opplegg til glede for eldre, unge og born i Haram. Kanskje også i nabokommunane Sandøy og Misund, om vi alle er heldige.

Målet er å glede samstundes som elevane våre får praksisnær opplæring i direkte møte med eldre. Vi ønskjer å få til dette gjennom trivselsskapande aktivitetar. Heile vegen bygg ein på læreplanane sine mål, både i programfag og i yrkesfagleg fordjuping.

Livsglede-prosjekt pågår no over heile landet, som døma under viser:

 
LFE_Bilde2

Livsglede for Eldre har Livsgledebarnehager i alle Norges fylker.

 
LFE_Bilde1

Døme på livsglede; - I Grimstad inviterte helsefagelevene ved Dahlske vgs en stor gjeng eldre til formiddagsfest. Haramselevane inviterte til påskekos ('',)

Vi ved HVS håpte å kunne få til noko liknande i vårt nærmiljø - det har vi klart!

Livsglede for alle! Påskestemning 2017

GLEDE i kvardagen - april 2017

Bli med på laget!

Kontaktpersonar

Hilde Kristin Aasgaarden
Fagleder
71 28 17 03 / Mob. 906 86 542
Send e-post