Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Studietilbod > Helse- og oppvekstfag > Vg2 - Barne- og ungdomsarbeidarfag

Vg2 - Barne- og ungdomsarbeidarfag

Vg2 - Barne- og ungdomsarbeidarfag

Barne- og ungdomsarbeidar (fagbrev)

Som barne- og ungdomsarbeidar kan du få arbeid i barnehagar, barneparkar, skular, skulefritidsordningar, klubbar og i ulike kommunale etatar.

Sentrale arbeidsoppgåver
Barne- og ungdomsarbeidaren tilrettelegg og vel høvelege pedagogiske metodar i arbeid med barn og unge i aldaren 0 – 18 år. Sentrale arbeidsområde er;

  • planlegging, leiing, gjennomføring og evaluering av pedagogiske aktivitetar for barn og unge
  • tilrettelegging for leik og fysisk aktivitet med utgangspunkt i den enkelte sitt funksjonsnivå og livssituasjon
  • bruke forming, sang, leik, musikk, litteratur og drama i det daglege arbeidet
  • kommunikasjon med menneske med ulik kulturell bakgrunn, livssyn og sosial status
  • samarbeid med barn og unge, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • grensesetting, konfliktløysing og kunne vere ein tydeleg vaksenmodell

Personlege eigenskaper
Det er viktig å kunne omsetje teoretisk kunnskap i praksis. Du må vere flink til å kome i kontakt med menneske, ha samarbeidsvilje, samhandlingskompetanse, observasjonsevne og vere ansvarsfull og medviten.

Formelle krav
Utøvelsen av faget krever politiattest som viser at du ikke er siktet, tiltalt eller dømt for overgrep mot barn.

 

Praksis og teori må til for å skape den gode fagarbeidaren
Haram vidaregåande skule har eit godt samarbeid med Haram kommune, og saman har ein som mål at elevane skal utvikle seg og få den kunnskap og dei kvalifikasjonar som ein god fagarbeidar skal ha. Skulen har i alle år lagt vekt på at elevane skal ha mest mogleg praktisk arbeid integrert i undervisninga. Frå første skuleveka på Vg2 vil ein elev få tildelt ein utplasseringsplass 1 dag/veke knytt til faget prosjekt til fordjuping (PTF). (NB! Dei skuleåra vi køyrer med 1/2 klasse Vg2 BUA og 1/2 klasse Vg2 HEA, har elevane 2 dagar utplassering per veke). Dette har vi svært gode erfaringar med, og elevane viser ein auka evne til å tenkje tverrfagleg og setje praksis og teori i samanheng. Nyttig til den tverrfaglege munnleg-praktiske eksamenen elevane  skal opp til på slutten av skuleåret, men mest for å gje elevane gode basiskunnskaper og ferdigheiter inn i læretida og eit framtidig yrkesliv.

 

Moglegheiter etter gjennomført Vg2
Elevane som har fullført to år ved eit yrkesfagleg utdannings-program, kan anten velje å gå ut i 2 år som lærling og ta fagbrev, eller gå direkte over på Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse. Det er og mogleg å først ta fagbrev og så byggje på med  Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse, dersom ein finn ut at ein ønskjer å studere vidare mot ei høgare utdanning.

Kontaktpersonar

Hilde Kristin Aasgaarden
Fagleder
71 28 17 03 / Mob. 906 86 542
Send e-post