Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Studietilbod > Helse- og oppvekstfag > Vg2 - Helsearbeidarfag

Vg2 - Helsearbeidarfag

Vg2 - Helsearbeidarfag

Helsefagarbeidar (fagbrev)

Helsefagarbeidaren arbeidar i spesialisthelsetenesta, i psykisk helsevern på alle nivå og i institusjonar og varierte omsorgs- og behandlingstilbod i kommunal og privat sektor.

Sentrale oppgåver
Helsefagarbeidaren utfører praktisk pleie, omsorg og miljøarbeid for pasientar og brukarar av helse- og sosialtenesten.
Sentrale arbeidsområde er;

  • utøving av fagleg forsvarleg og omsorgsfull helsehjelp, med brukaren i sentrum
  • arbeid med helsefremjande, førebyggande og rehabiliterande pleie- og omsorgstiltak
  • planlegging, utføring og deltaging i det totale behandlingsopplegget for pasienten/brukaren
  • å arbeide etter gjeldande hygieniske, ernæringsmessige og ergonomiske prinsipp
  • å handtere medikament etter gjeldande lovverk
  • journalføring, dokumentasjon og rapportering

Personlege eigenskaper
Det er viktig å vere personleg eigna i forhold til yrkesutøvinga. Du må kunne bry deg om, vise omsorg og respekt for og ta omsyn til andre menneske. Du bør kunne arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre.

Formelle krav
For å kunne bruke yrkestittelen helsefagarbeidar blir det kravd autorisasjon fra Statens autorisasjonskontor for helsepersonell.

Les meir om helsefagarbeidaren på fagsida til Helsedirektoratet.

 

Praksis og teori må til for å skape den gode fagarbeidaren
Haram vidaregåande skule har eit godt samarbeid med Haram kommune, og saman har ein som mål at elevane skal utvikle seg og få den kunnskap og dei kvalifikasjonar som ein god fagarbeidar skal ha. Skulen har i alle år lagt vekt på at elevane skal ha mest mogleg praktisk arbeid integrert i undervisninga. Frå første skuleveka på Vg2 vil ein elev få tildelt ein utplasseringsplass 1 dag/veke knytt til faget prosjekt til fordjuping (PTF). (NB! Dei skuleåra vi køyrer med 1/2 klasse Vg2 BUA og 1/2 klasse Vg2 HEA, har elevane 2 dagar utplassering per veke). Dette har vi svært gode erfaringar med, og elevane viser ei auka evne til å tenkje tverrfagleg og setje praksis og teori i samanheng. Nyttig til den tverrfaglege munnleg-praktiske eksamenen elevane  skal opp til på slutten av skuleåret, men mest for å gje elevane gode basiskunnskaper og ferdigheiter inn i læretida og eit framtidig yrkesliv.

 

Moglegheiter etter gjennomført Vg2
Elevane som har fullført to år ved eit yrkesfagleg utdannings-program, kan anten velje å gå ut i 2 år som lærling og ta fagbrev, eller gå direkte over på Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse. Det er og mogleg å først ta fagbrev og så byggje på med  Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse, dersom ein finn ut at ein ønskjer å studere vidare mot ei høgare utdanning.

Kontaktpersonar

Hilde Kristin Aasgaarden
Fagleder
71 28 17 03 / Mob. 906 86 542
Send e-post