Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Studietilbod > Studiespesialisering

Studiespesialisering

Studiespesialisering

Utdanningsprogrammet for studiespesialisering gir det breiaste grunnlaget for vidare studium ved høgskular og universitet. Elevar som vel studiespesialisering, bør i utgangspunktet like å arbeide med teoretiske fag.

Kva for val har du ved Haram vidaregåande skule?
På Vg2 og Vg3 kan du velje mellom programfagområdet realfag eller programfagområdet språk, samfunnsfag og økonomi. Avhengig av kva programområde og programfag du vel, vil du kunne oppnå generell eller spesiell studiekompetanse.

I opplæringa på studiespesialsering legg vi som skule vekt på å fokusere på internasjonalisering. Dette har gjort at vi gir tilbod om studietur til universitetet i York, deltek i ulike Comeniusprosjekt og arrangerer andre turar ut i Europa, alt knytt opp mot fag og fagval.

Frå skuleåret 2014/2015 tilbyr vi treårig studiespesialisering Internasjonal. I enkelte fag vert det då fokusert på internasjonale spørsmål eller undervist på engelsk. I tillegg vert det lagt opp til utanlandsturar på Vg1-, Vg2- og Vg3-nivå. Vi gjer merksam på at det i dette tilbodet er lagt opp til ein del eigenbetaling for elevane til turane.

Haram vidaregåande skule administrerer óg eit eige fylkestilbod på Vg2 studiespesialisering, eit studieår i Skottland, som kvalifiserer for Vg3 studiespesialisering.

Vil du vite meir om desse val-alternativa, nyttar du menyen til venstre eller fanene.

 

Studiekompetanse
Alle elevar med fullført og greidd kurs, får generell studiekompetanse. Det er og høve til å skaffe seg spesiell studiekompetanse, men dette er knytt til særskilte fagkrav som høgskular og universitet har sett føringar for, til dømes fordjuping innan realfaga for visse studier på NTNU og medisinstudie. (Dette er det viktig at den enkelte elev sjølv set seg inn i, om ein tek sikte på spesielle utdanningar innan høgskulesystemet).

Kontaktpersonar

Hilde Kristin Aasgaarden
Fagleder
71 28 17 03 / Mob. 906 86 542
Send e-post
Magnhild Kristin Fjørtoft
Fagleder
71 28 17 04 / Mob. 958 36 419
Send e-post