Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Studietilbod > Studiespesialisering > Vg1 Studiespesialisering

HVS_ST_Illustrasjonsfoto

Vg1 Studiespesialisering

Velger du utdanningsprogram for studiespesialisering, bør du som sagt like å arbeide med teoretiske fag. Men det betyr ikkje at du får ein lite spennande kvardag. I dei fleste faga kjem utfordringane i tur og orden, med djupdykk i spennande tema, prosjektarbeid, arbeid både individuelt og i grupper, filmar, nyhendevurderingar, diskusjonar, bedriftsbesøk og ekskursjonar. Variasjonen er stor i kva dei ulike faglærarane kjem til å føre deg gjennom i løpet av dette skuleåret.

Fagfordeling, Vg1
Første året på studiespesialisering har alle elevar same fagfordeling, dvs. berre fellesfag og felles timeplan:

  • Engelsk, 5 t/v
  • Framandspråk, 4 t/v (nivå I eller nivå II)
  • Geografi, 2 t/v
  • Kroppsøving, 2 t/v
  • Matematikk, 5 t/v (anten 1T eller 1P)
  • Naturfag, 5 t/v
  • Norsk, 4 t/v
  • Samfunnsfag, 3 t/v

Elevane held seg dermed i samla klasse, berre med unnatak av timane i matematikk og framandspråk, der dei går i eigne grupper etter fagval.

I matematikk vel elevane anten 1T- eller 1P-matematikk.  Dette skjer rett etter skulestart, og valet avhengig av eleven sine eigne ferdigheitar i faget og framtidige målsetting. Skulen gjennomfører kartleggingsprøve i løpet av dei første skulevekene, slik at elevane får individuell rettleiing og råd av faglærar når dei skal velje endeleg si retning i utdanningsløpet.

Ein kort informasjon, grei å ha lese før ein gjer dette valet, finn du blant anna på linkane under;
 ung.no - Matematikk i vgo
 vilbli.no - Valg av matematikk-kurs i vgo

I framandspråk tilbyr Haram vidaregåande skule normalt alternativa tysk, fransk eller spansk. Nivået blir bestemt av kva framandspråk eleven hadde i ungdomsskulen og kva denne vel i overgongen til vidaregåande opplæring. Har eleven hatt same framandspråk i ungdomsskulen, vil nivå II vere eit naturleg val, men det er og høve til å justert ned til nivå I dersom eleven sin språkkompetanse e.lign. tilseier dette.

I faga naturfag og geografi ligg det inne ein felles, tverrfagleg ekskursjon med overnatting (1-2 netter) dette skuleåret. Då er elevar og faglærarar ute i felten og gjer seg sine studier av vegetasjon og landformer på lokaliteten.

 

Fagfordeling, Vg2-3
Etter å ha gjennomført Vg1, er fagvalet vidare ditt;- vil du fortsetje med realfag eller blir det fordjuping i språk, samfunnsfag og økonomi?

Du må ha nokre fellesfag i tillegg til programfaga dine. Dette er: - kroppsøving, norsk, religion, historie. Resten av skuletimane blir i programfag.

Uansett kva du vel, vil du få nokon lærerike, inspirerande skuleår. Lukke til!