Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Studietilbod > Studiespesialisering > Vg1-Vg3 Studiespesialisering Internasjonal

London 2008

Studiespesialisering Internasjonal

Hausten 2014 var det klargjort for å ta inn elevar i eigen, internasjonal klasse knytt til studiespesialisering ved Haram vidaregåande skule.

Internasjonalisering
Allereie skuleåret 2003/2004 starta skulen opp med sterk satsing på internasjonalisering for å følgje på og møte utfordringane frå eit stadig meir internasjonalt samfunn. Moglegheitene for arbeid og utdanning på tvers av landegrensene blir stadig større og behovet for å bryte ned dei kulturelle barrierane er difor aukande. Vi ønskjer at elevane våre skal vere godt budd på å møte dagens samfunn.

Kva er spesielt med undervisninga i den internasjonale klassa?
Rammene for den internasjonale klassen er dei same som for utdanningsprogrammet studiespesialisering. Elevane vert og førte fram til same eksamen som elevane elles på dette utdanningsprogrammet.

Elevane vil likevel i kvardagen følgje eit opplegg som er noko annleis enn for dei ordinære gruppene. Det internasjonale perspektivet vert meir vektlagt enn normalt i fleire fag, spesielt der læreplanen elles legg opp til dette (tema-arbeid). Ein set og gjerne eit ekstra fokus på det landet, eller den regionen, som utvekslinga/studieturen går til. I nokre emne vil undervisninga bli gitt på engelsk.

Som elev må du vere innstilt på ein del reiseaktivitet i løpet av skuleåret og du må vere budd på å takle ekstra utfordringar. Du må sørge for å ha gyldig pass og eventuelt visum til dei landa som vert valt som reisemål. Med utgangspunkt i statsborgarskapet ditt må du kontrollere om du tilfredsstiller krava til innreise i dei aktuelle landa.  

Haram vidaregåande skule har eit omfattande samarbeid med skular i England og Skottland. Storbritannia er ikkje med i Schengen-avtalen, og du kan med utgangspunkt i ditt eige statsborgarskap kontrollere om du må ha visum til England og Skottland her.

For å gi rom for dei ulike utvekslings- og studieturane, blir opplæringa tildels komprimert. Kvar elev må difor vere budd på at lærestoffet blir konsentrert i periodar, med auka arbeidsmengd og eventuelt andre prøvedatoar og/eller -ordningar i slike periodar. Elevane må vere med å dekke utgiftene til reisene sine i løpet av dei 3 skuleåra, og dette kan verte inntil kr 5000,- pr år. Når vi får gjenbesøk, må heimane vere budde på å ta imot ein elev i om lag ei veke.

I utvekslingsperiodane vil det vere lærarar med frå skulen, som reiser saman med elevane til/frå og følgjer dei opp undervegs. Desse lærarane vil i samarbeid med vertskapsskulen/organisasjonen lage konkrete undervisningsopplegg for kvar tur.

Eit spennande opplegg for deg som likar språk og kulturkunnskap i praksis.

Smakebitar frå elevane sine opplevingar
Februar 2017: 1ST2-internasjonal på tur til Gdansk

September 2016: 1ST2-internasjonal på utveksling i Skottland

Kontaktpersonar

Magnhild Kristin Fjørtoft
Fagleder
71 28 17 04 / Mob. 958 36 419
Send e-post