Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Studietilbod > Studiespesialisering > Vg2 - Studiespesialisering med opplæring i Skottland

Vg2 - Studiespesialisering med opplæring i Skottland

Vg2 - Studiespesialisering med opplæring i Skottland

Elevar som tek Vg1 på studiespesialiserande utdanningsprogram i år, kan ta Vg2 i Skottland neste år. Elevar som nyttar seg av denne ordninga, vil gjennomføre den vidaregåande utdanninga si på dei vanlege tre åra, samstundes som dei skaffar seg verdifull internasjonal studieerfaring.

Internasjonal vidaregåande skule er eit av undervisningstilboda til Møre og Romsdal fylkeskommune på Vg2-nivå, og kan søkjast av alle elevar busett i Noreg. Føresetnaden er at søkjarane er Vg1-elevar på utdanningsprogram for studie-spesialisering.

Eit viktig mål for akkurat dette skuleåret, er at elevane får vere i eit miljø som fremjar læring av engelsk i tillegg til deira ordinære fagleg opplæring på Vg2.

Fagval
Samarbeidsskulane i Skottland tilbyr fag elevane kan byggje vidare på i Vg3 når dei kjem tilbake til Noreg. Elevane vil få hjelp til å velje fag og fagkombinasjonar som gjer at dei oppfyller krava innanfor eitt av programområda i studiespesialiserande utdanningsprogram.

Når det gjeld fellesfaga, blir elevar som tek eitt år av den vidaregåande opplæringa i utlandet, fritekne for desse etter visse reglar.

- For fellesfag som går over fleire år, og som har eksamen etter Vg3, må dei likevel vere budde på ein god del sjølvstudium. Dette gjeld historie (som har 2 veketimar i Vg2), norsk (som har 4 veketimar i Vg2), og elevane skal og ha undervisning i sitt andre framandspråk (4 veketimar).

- I både norsk og historie vil elevane få konsentrert undervisning, nokre dagar i løpet av året i Skottland.

   
Klassebilde av elevar ved Armadale Academy

Armadale kull 2013/2014

Landskapsbilde av byen Armadale

Byen Armadale

   

This is the sixth year group at Armadale Academy that school year, and here you find 16 students from Norway. Our first group of students who spend a scool year at the Armadale Academy.

Vertsfamilieordning
Elevane bur i private heimar, plukka ut av samarbeidsskulen, og vil slik vere ein naturleg integrert del av ein ordinær skotsk skulekvardag. Elevane som reiser til Skottland får bortebuarstipend frå Statens Lånekasse.

Dette studietilbodet er ein eineståande sjanse for elevar frå Noreg, men det er krevjande, og stiller store krav både til elevane sine evner til omstilling og til sjølvstendig, målmedvite arbeid.

Innblikk i aktivitet frå tidlegare skuleår i Skottland (artiklar):
Det har vore lagt ut artiklar frå ulike typer aktivitetar/hendingar frå skuleåra som er gjennomførte i Skottland. Nokre smakebitar finn du her. Fleire vil også kome etterkvart.

Skuleåret 2015/16 i Skottland er i gong

Skottland 2014/2015 - eit fantastisk skuleår er over

Skottland_Aktivitet1
Skottland_Aktivitet2

Kontaktpersonar

Magnhild Kristin Fjørtoft
Fagleder
71 28 17 04 / Mob. 958 36 419
Send e-post

Dokument

Infobrosjyre Skottland 2018
PDF-dokument - 72,37 kB
Søknadskjema
DOCX-dokument - 51,12 kB