Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Studietilbod > Studiespesialisering > Vg2-Vg3 Studiespesialisering - realfag

Vg2-Vg3 Studiespesialisering - realfag

Vg2-Vg3 Studiespesialisering - realfag

Dette programområdet gir deg god fordjuping i realfaga og høve til å fylle spesielle opptakskrav (spesiell studiekompetanse) retta mot spesielle studium etter vidaregåande skule. Her får du fordjupe deg i matematikk, fysikk, kjemi, biologi og/eller faget teknologi og forskningslære. Desse faga gir deg grunnlag for å søkje forskjellige studium ved høgskular og universitet, t.d. innan realfag, medisin og i naturvitenskaplege og teknologiske fag.

Haram vidaregåande skule tilbyr fordjuping i realfaga fysikk (FY1/FY2), biologi (BI1/BI2) og kjemi (KJ1/KJ2) i tillegg til matematikk, der vi tradisjonelt tilbyr både R1/R2 og S1/S2.

Ser ein bort frå matematikkfaga, legg skulen opp til mykje praktisk aktivitet, der både lab-øvingar, ekskursjonar og høgskule- og bedriftsbesøk ligg inne som ein naturleg del av undervisningsopplegga våre.

I tillegg tilbyr vi det spennande faget Teknologi og forskningslære, der forskaren i deg skal få sitt å bryne seg på.

Personlege eigenskaper
Du bør vere glad i å lese, og helst også rekne, for du kjem til å arbeide med krevjande teoretiske fag. Vidare bør du vere nysgjerrig, ha interesse, evne og anlegg for matematikk og realfaga generelt og ikkje vere redd for å prøve ut nye tankar og idear. Kombinasjonen god kunnskap og eit nysgjerrig sinn kan dra deg langt her i livet.

Velkomen til nokon spennande år ved Haram vidaregåande skule!

 

Biologiekskursjon til Atlanterhavsparken i Ålesund

Atlanterhavsparken_Akvarieshow
Akvarieshow, eller kanskje ein liten ...
Atlenterhavsparken_Skateprat
 skateprat ved bassengkanten?
Atlanterhavsparken_Slangefokus
Atlanterhavsparken byr på meir enn fisk. T.d. nærkontakt med reptiler ...
Atlanterhavsparken_Disseksjon augefokus
Eller trivst du betre med disseksjon?
Her med auge i fokus!

 

Fysikkekskursjon til Geneve/CERN og Paris, våren 2013

FY2 i Paris
Flotte karer i Paris,
med Eiffeltårnet i bakgrunnen.
PARIS_V2013
Paris byr på mykje flott og mykje spennande. Louvre Museumet dekker begge deler.
CERN_Salle de Pi
Salle de Pi gav eit lite wooow...
og talet PI og lektor Vågnes, det er ein god kombinasjon!, meinte elevane.
CERN_Salle de Pi_alle
4TAF-kullet 2012/13 fotografert i lag med det uendelege talet PI.

 

Kontaktpersonar

Hilde Kristin Aasgaarden
Fagleder
71 28 17 03 / Mob. 906 86 542
Send e-post