Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Studietilbod > Studiespesialisering > Vg2-Vg3 Studiespesialisering - språk, samfunnsfag og økonomi

Vg2-Vg3 Studiespesialisering - språk, samfunnsfag og økonomi

Vg2-Vg3 Studiespesialisering - språk, samfunnsfag og økonomi

På Vg2 og Vg3 kan du velje programområdet språk, samfunnsfag og økonomi. Elevar som vel denne retninga, bør i utgangspunktet like å arbeide med teoretiske fag. Dei bør og like språk og finne historisk og samfunnsrelatert kunnskap interessant.  

I opplæringa for elevar på dette programmet legg vi som skule vekt på eit internasjonalt fokus. Dette gir m.a. ein studietur til universitetet i York, deltaking i ulike Comeniusprosjekt og andre fagturar ut i Europa.

Dei som vel fordjuping i engelsk får tilbod om studieturen til York og London tredje året. Målet med studieopphaldet i York er å lære meir om engelsk språk, kultur og historie. I tillegg til undervisning ved universitetet får elevane våre og vere med på turar og opplegg i og rundt York, samt ei helg i London.

I faget Entreprenørskap og bedriftsutvikling får elevane erfaring med å starte si eiga bedrift, samt bli kjent med lokalt næringsliv. Elevane har høve til å søkje på eit opphald i Brüssel og dei har og organisert eigne utanlandsturar.

Skulen tilbyr tradisjonelt og programfaga sosiologi og sosial-antropologi og politikk og menneskerettigheitar, men fagtilbodet kan variere noko avhengig av vala til elevane våre.

For elevane med fordjuping i ulike framandspråk har vi turar til landet der språket vert snakka. Dette kan vere eigenorganiserte turar, EU-prosjekt eller deltaking i språkkurs. 

Haram vidaregåande skule har nært samarbeid med Malignani, som er ein vidaregåande skule i Udine i Italia. Saman med denne skulen har vi kontinuerleg EU-støtta prosjekt, som inneber at elevar får bu med italienske vertsfamiliar, besøkje skular og bli kjent med denne regionen i Nord-Italia.    

Ved dette valet kan du altså sjå fram til to spennande skuleår! 

 

Kontaktpersonar

Magnhild Kristin Fjørtoft
Fagleder
71 28 17 04 / Mob. 958 36 419
Send e-post