Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Studietilbod > Teknikk og industriell produksjon

Teknikk og industriell produksjon

Vg1 Teknikk og industriell produksjon

Ønskjer du å arbeide med teknikk og mekanikk? Er du interessert i maskiner og køyretøy? Då kan teknikk og industriell produksjon vere noko for deg.

Ved Haram vidaregåande skule tilbyr vi elevane våre Vg1 Teknikk og industriell produksjon og Vg2 Industriteknologi, eventuelt kryssløp over til Vg2 Kulde- og varmepumpeteknikk

Dei store lærefaga som elevane våre normalt tar fagbrev i etter gjennomført 2 år ved skulen, er;

  • CNC-maskineringsfag 
  • Industriell overflatebehandling 
  • Industrimekanikarfaget 
  • Industrimontørfaget 
  • Industrirørleggerfaget 
  • Platearbeidarfaget
  • Sveisefaget

Aktuelle arbeidsstader kan vere:

  • teknisk- og elektromekanisk industri
  • skipsindustrien (eller bilindustrien)
  • tekoindustrien
  • oljebransjen

Du bør vere:

  • praktisk og ha godt handlag
  • sjølvstendig og nøyaktig
  • interessert i ny teknologi

Utdanningsprogrammet fører fram til fleire ulike og spennande yrke. Heile vegen vil du oppleve at helse, miljø og tryggleik står svært sentralt i desse yrka og sjå at det er viktig å vere god på å arbeide etter prosedyrer og teikningar, kunne gjere registreringar og følgje opp med god dokumentasjon.

Etter Vg2, eller etter oppnådd yrkeskompetanse (fagbrev), kan du velje Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse.

Kontaktpersonar

Håkon Sæterøy
Fagleder
71 28 17 05 / Mob. 950 67 318
Send e-post