Det er ikkje nødvendig å slette noko fagstoff på maskina før eksamen.
 
MERK!
Alle elevar må signere på at dei har lese og forstått reglane for PC-bruk til eksamen. Dette blir gjort rutinemessig før eksamensperioden startar opp. 
Ver budd - les grundig gjennom sjekklista i god tid før eksamen.
Sjekkliste for PC/Mac før eksamen
 
Viktige punkt alle må merke seg: 
- Eg er kjent med at eg må starte eller restarte maskina mi i eksamenslokalet før eksamen startar. 
- Eg er kjent med at det er avgrensa bruk av Internett ved eksamen. 
 Det gjer at eg er stengt ute frå sider eg ikkje har lov å bruke.
- Eg er kjent med at eg ikkje kan nytte meg av kommunikasjon med medelevar eller andre via mobiltelefon, smartklokke, bluetoothsamband eller liknande under gjennomføring av eksamen. 
- Eg er kjent med at eg ikkje kan ha installert omsettingsprogram på datamaskina når det er eksamen i norsk eller framandspråk. 
- Eg er kjent med at skulen kan nytte eiga programvare for å kontrollere om deler av eksamenssvaret kan vere henta frå kjelder på Internett, og at eg difor alltid må oppgi kjelde når eg nyttar stoff skrive av andre. 
- Eg er kjent med at KI (kunstig intelligens) ikkje er tillatt å bruke på eksamen. Det gjeld også KI offline. 
Brot på nokon av desse reglane vil kunne bli rekna som fusk, og det blir behandla etter  9-42 i Forskrift til Opplæringslova. 
Konsekvens kan bli annullering av eksamen, tap av standpunktkarakter og sperrefrist på 1 år før du på nytt kan gå opp til eksamen i faget som privatist. Det kan også medføre nedsett åtferdskarakter.